VENTAR SPENT: Formannskapet i Årdal ventar no spent på ei avgjerd i kommunestyret i Aurland, der kommunereforma skal behandlast torsdag. 
VENTAR SPENT: Formannskapet i Årdal ventar no spent på ei avgjerd i kommunestyret i Aurland, der kommunereforma skal behandlast torsdag. 

No avventar dei vedtak i Aurland

Årdal og Lærdal sit på kanten av stolane sine og ventar på eit vedtak i Aurland.

Årdal: Reiselivskommunen har nemleg stått på utsida saman med Luster medan resten av Sogn har forhandla om ein intensjonsavtale den siste månaden. 

Måndag braut dei forhandlingane saman då først og fremst Sogndal, men også Vik, takka for seg og heller ville gå for eit fire-kommunaralternativ med Leikanger og Balestrand.

På sørsida av fjorden sit difor Årdal og Lærdal kvar for seg og avventar eit vedtak i Aurland, som skal behandla saka torsdag. Både Årdal og Lærdal har vedtak om at dei skal diskutere ei samanslåing med alternativa på sørsida.

– Eg meiner det er eit fornuftig alternativ. Eg er glad for at kommunestyret har sagt dei ønskjer å gå i dialog med dei andre kommunar om dette, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) då formannskapet vart orientert om status tysdag.

I ei spørjegransking Porten.no har gjort kjem det fram at 65% av dei som har svart meiner Årdal og Lærdal burde avvente vedtak i Aurland. Det betyr at 35 prosent meiner Årdal og Lærdal framleis burde vera eigne kommunar. 247 personar har svart i undersøkinga.

Uheldig

Både Brandsdal og Erling Offerdal (Sp) tykkjer det er synd at forhandlingane om ein storkommune stranda. 

– Men ein kan ikkje gi frå seg alt. Eg vil seia at det er eit godt alternativ med desse tre kommunane (Årdal, Lærdal og Aurland journ. anm.). Det eg ser som faren er at enkelte kommunar går over til andre fylke. Det er uheldig, sa Offerdal.

Utfyller kvarandre

Det er ingen skjult løyndom at Aurland også har flørta med Hordaland-kommunen Voss og Vik om eit samarbeid. I slutten av januar gjennomførte dei eit felles formannskapsmøte.

I Årdal legg dei iallfall ikkje skjul på at dei ønskjer å sjå nærare på ÅLA-alternativet.

– Dette er tre kommunar som utfyller kvarandre godt innanfor naturressursar og arbeidsplassar. Me har også kommunale tenester som me samarbeider om i dag, og det er ein felles arbeidsmarknad, legg Brandsdal til. 

PS! Porten.no kjem til å sende direkte frå kommunestyremøtet i Aurland torsdag frå 17.00. Då skal aurlendingane behandla saka. 

Til toppen