BER VÅPEN: Frå tysdag morgon og i fire veker framover vil politiet bera våpen. Arkivfoto
BER VÅPEN: Frå tysdag morgon og i fire veker framover vil politiet bera våpen. Arkivfoto

No ber politiet våpen

Årsaka er ei trusselvurdering frå PST, der forsvar og politi blir peika ut som mogelege terrormål. 

Frå klokka 8 tysdag morgon, ber uniformert mannskap i vakt- og beredskapsteneste våpen, melder politiet. 

– Politiets Sikkerhetsteneste (PST) har teke ei trusselvurdering, det må me ta omsyn til, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen til Porten.no. 

Han kan ikkje gå vidare inn på detaljane, med omsyn til beredskap. 

Fire veker

Fredag samtykka Justis- og Beredskapsdepartementet til Politidirektoratets tilråding om væpning. Det gjeld uniformert innsatspersonell, på ei periode på fire veker. Etter fire veker vil det bli gjort ei ny vurdering. 

På landsbasis er kring 5.800 tilsette i politiet er godkjende for våpenteneste, melder politiet. 

Terror

5. november oppdaterte PST trusselbilete. PST skriv at innanfor dei komande året er det sannsynleg med truslar, eller forsøk på terrorangrep i Noreg. PST vurderar militært personell, politi og enkelte av dei som tek politiske avgjerder som særleg utsett.

Sist gong det var skjerpa terrorberedskap i Noreg var i sommar. 

 

 

Til toppen