BOT: Blir du teken for manglande beltebruk i bussen blir det 1.500 kroner i gebyr. Foto: Statens vegvesen.
BOT: Blir du teken for manglande beltebruk i bussen blir det 1.500 kroner i gebyr. Foto: Statens vegvesen.

No blir det bot for manglande beltebruk i buss

No skal Statens vegvesen kontrollere beltebruk i bussar over heile landet. Det er slutt på munnlege åtvaringar. Gløymer du beltet kan det koste deg 1.500 kroner i gebyr.

Sogn: I vinter kontrollerte Statens vegvesen 16.300 busspassasjerar for beltebruk. 3.600 passasjerar sat usikra. Statens vegvesen trur mørketala er store.

– Utan belte er du til fare for deg sjølv og dei du reiser saman med om det skulle skje ei ulykke. Gebyret i seg sjølv er ikkje viktig for oss, men eit viktig verkemiddel for å få fleire til å ta trafikksikre val, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Åtte menneske vart drepne i bussulykker i tidsrommet 2014 til 2015. Fleire av dei omkomne kunne redda livet om beltet var på.

Det finst fleire ulike busstypar, og ikkje alle har krav til belte. Busstypar utan krav til belte og med ståplassar, er meint for lågare fart og med hyppige av- og påstigingar. Regelverket er likt i heile Europa. (©NPK)

Til toppen