KORONATRANSPORT: No får smitta pasientar eigen koronadrosje når dei skal på sjukehuset.
KORONATRANSPORT: No får smitta pasientar eigen koronadrosje når dei skal på sjukehuset. (Foto: Helse Førde/Arkiv)

KORONAVIRUS

No blir det eigne drosjer for koronatransport

Det skriv Helse Førde på heimesida si.

Sogn: 8. april startar drosjenæringa med transport av pasientar med mistanke om eller stadfesta Covid-19. Transportørarane vil få opplæring, og transporten vil skje på ein trygg måte.

Smittevernopplæring samt utlevering av smittevernutstyr blir sikra gjennom Helse Førde.

Sogndal og Aurland 

Til dette formålet er det inngått avtale om ei dedikert drosje i høvesvis Førde, Nordfjordeid, Sogndal og Aurland. Desse drosjene vil vere tilgjengeleg måndag til søndag mellom klokka 08 og 18.

Drosjene er av type 9 til 16 seter, alle med glatte seter og overflater som skal vere enkle å reingjere. Drosjene skal i denne perioden ikkje nyttast til andre transportoppdrag.

Rekvirering gjennom AMK

Rekvirering av transport til pasientar med mistanke om eller stadfesta Covid-19 skjer gjennom AMK.

Det er AMK som skal ta vurderinga om dette er eit ambulanseoppdrag eller om oppdraget kan gjennomførast av dedikert drosje. Dei dedikerte drosjene kan ikkje ta på seg oppdrag der pasientar med mistanke om eller stadfesta Covid-19 er avhengig av følgje, men ikkje sjølv kan skaffe slikt følgje, står det på heimesida.

Til toppen