STOPP: Denne blir ikkje å sjå langs vegane før regnet kjem.
STOPP: Denne blir ikkje å sjå langs vegane før regnet kjem. (Foto: Statens Vegvesen/Lisa Sundstrøm)

No blir det ikkje meir kantslått langs vegane før regnet kjem

Kantslått langs vegane i heile Sogn og Fjordane er stoppa grunna den store brannfaren.

Sogn: Det er brannfare i heile fylket på grunn av det varme vêret den siste månaden, og dei fleste kommunar i Indre Sogn har innført både grillforbod og vatningsforbod. 

No stoppar kantslåtten opp langs vegane i heile fylket og vil ikkje starte opp att før det har kome nok regn til å senke brannfaren, det seier Statens Vegvesen i ei pressemelding. 

Tek ingen risiko

– Det ekstremt tørre vêret har ført til at me har stoppa all kantslått med tyngre utstyr i fylket. Brannfaren er stor etter langvarig tørke, og me vil ikkje ta noko risiko i høve dette. Når vegetasjon i vegkantane vert klipt kan det oppstå gnistar når reiskapen treff steinar. Dette kan vera nok til å starta ein brann, seier leiar Tone Anette Espe i Vegseksjon Fjordane.

Grunna den manglande kantslåtten vil vegetasjonen i vegkanten bli høgre enn normalt. Enkelte stader er den allerede byrja vekse seg høg og kan etterkvart bli sikthindrande. Det er viktig at trafikantane då tek ekstra omsyn og tilpassar farta etter tilhøva.

Vurderer vêret fortløpande

Nokre stader der sikta er kritisk, i kryss og liknande, kan entreprenørane bli kalt ut med lettare utstyr for å rydde på mindre område.

– Rydding av vegkantane vil starte opp att når tilhøva og vêret tillet det. Vi føl med på vêret og vurderer situasjonen fortløpande, seier Espe i Statens vegvesen.

Til toppen