JULA ER I BOKS: Det såg mørkt ut, men no sikrar ei generøs gåve at julegata i Sogndalsfjøra blir lyst opp til jul likevel. Foto: privat.
JULA ER I BOKS: Det såg mørkt ut, men no sikrar ei generøs gåve at julegata i Sogndalsfjøra blir lyst opp til jul likevel. Foto: privat.

No blir det lys i julegata likevel

Det får dei næringsdrivande i Sogndal til å juble: – I dag er eg gilde som ein fuggel, seier ein av dei.

Sogndal: Den gamle julepynten var øydelagt og dei næringsdrivande hadde ikkje greidd å samle pengar til ny. Difor gjekk det i år mot ei mørk jul i Sogndalsfjøra.

Men no er sorga snudd til glede, takka vere ei generøs gåve frå styreleiaren i Sentrumsbygg AS, Trygve Kvåle. Han har sagt han vil garantere for summen dei næringsdrivande treng.

– Det tykkjer eg er fantastisk generøst. I dag er eg gilde som ein fuggel, seier Lilly Schøyen, som driv ein frisørsalong i sentrum og representerer dei næringsdrivande i området.

Les også: Håpar på langt over 1000 årdøler når julegrana blir tent
Les også: Julestemninga kom, utan snødryss

Ho trur julegata vil vere ferdig pynta ei dryg veke etter at julegrana blir tent. Litt seinare enn normalt, men likevel langt betre enn alternativet. 

– Når det er lys og varme kan me ønskje folk velkomen til julehandelen på ein hyggjelegare måte. Viss ikkje hadde me følt at det var noko vesentleg som mangla. Så no er me voldsomt glade, seier Schøyen.

Les også: Dei sparkar i gong sesongen med julekonsertar

 

Til toppen