TUNNELARBEID: Det har vore mykje ventetid langs Lustrafjorden det siste året, her ved Ottatunnelen.
TUNNELARBEID: Det har vore mykje ventetid langs Lustrafjorden det siste året, her ved Ottatunnelen. (Foto: Arkiv)

No blir det sommarferie på tunneloppgraderingprosjekta

Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Indre Sogn: I dei fleste tunnelane som er under opprusting på Vestlandet blir det stogg i arbeidet nokre veker i sommar.

Her får du oversynet over når dei ulike prosjekta i Indre Sogn tek ferie, og når arbeidet startar att til hausten.

  • I fv. 55 Røneid-, Råum- og Ottatunnelen i Luster skal det meste av arbeidet vera ferdig til prosjektet tek sommarferie i veke 28. Frå måndag 5. august er dei tilbake for testing og noko avsluttande arbeid.
  • Arbeidet i fv. 55 Vadheimtunnelen i Høyanger tek ferie i veke 28-30 (frå 8. til 28. juli). Då skal sprengingsarbeidet vera avslutta.
  • E16 Gudvanga- og Flenjatunnelen (Aurland). Arbeidet sluttar av kl. 06:00 fredag morgon 12. juli. Det startar opp att måndag 5. august kl. 22.00.
TUNNEL: Slik såg Ottatunnelen ut før utbetringa. Foto: Silje Drevdal / Statens vegvesen

Innbyggarane i Luster har møtt tre stengte tunnelar langs vegen mellom Skjolden og Marifjøra, noko som har skapt mykje frustrasjon, men no er det snart slutt på ventinga. 

Til toppen