HAR TRUA: Tor Arne Ness i Kaupus AS. I bakgrunnen er teikningar som syner korleis bygget er tenkt utforma slik det står no.
HAR TRUA: Tor Arne Ness i Kaupus AS. I bakgrunnen er teikningar som syner korleis bygget er tenkt utforma slik det står no. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Vitensenteret: – No byrjar eg å tru på at me skal få dette til

Om tre månader skal alt vera på plass i planlegginga med Vitensenteret på Kaupanger. Tor Arne Ness i Kaupus AS byrjar verkeleg å få trua på at det er realistisk.

Sogndal: – Me må ha eit signalbygg for å få stoppeffekt. Det blir nok ikkje akkurat slik, men det er dette som er på blokka no, seier Ness.

Som første mediehus melde Porten.no før jul i fjor om dei då gryande planane med å etablera eit Vitensenter på Kaupanger.

Sidan har det eigentleg gått slag i slag – og rett veg.

– Det byrjar å bli mange gode signal, så eg byrjar å få tru på at me får det til. Det hadde vore utruleg kjekt, seier Ness.

Stadig fleire er med

Intensjonsavtalar med fylkeskommunen, Sogndal kommune, Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet er signert, intensjonsavtale med Sogn Regionråd er godkjent, og avtale med Vil Vite i Bergen kjem truleg på plass i løpet av hausten.

I tillegg er eit titals verksemder påmelde eller på veg til å bli det, mellom andre Visit Flåm, Lerum og Hydro.

– Det er også mange verksemder som har sagt dei vil bli med utan at det er formalisert enno, seier Ness.

Yngve Hallén i eigedomsselskapet til Sogndal Fotball fortel kvifor han har stor tru på at eit Vitensenter på akkurat Kaupanger vil fungera godt.

– Kanonstilig

– Ein har den yrkesfaglege biten på Kaupanger som ein treng opp mot eit slikt senter, og det har me ikkje på Campus. Difor er det rett at senteret blir lokalisert på Kaupanger og ikkje her. Me var også tidleg inne og sa at det burde vera slik. Vidare kan senteret bli positivt for Campus fordi den praktiske tilnærminga eit slikt senter har til naturvitskap og realfag er med på å ufarleggjera mykje av det som skjer her.

- KONANSTILIG: 1. nestleiar i KrF, Olaug Bollestad (i midten) har også trua, her saman med Tore Storehaug, førstekandidat til Stortinget frå fylket, og 2. nestleiar i Sogn og Fjordane KrF, Beate Bondevik Lie
- KONANSTILIG: 1. nestleiar i KrF, Olaug Bollestad (i midten) har også trua, her saman med Tore Storehaug, førstekandidat til Stortinget frå fylket, og 2. nestleiar i Sogn og Fjordane KrF, Beate Bondevik Lie Foto: Ole Ramshus Sælthun

Ness og Hallén møtte politikarar frå KrF for å snakka om planane på både Kaupus og Campus to og ei halv veke før stortingsvalet. Ness fekk eit aldri så lite frieri frå fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik.

– Vitensenter og Newtonrom er inne på vår 30-punkts distriktsplan, kunne ho røpa.

Nestleiar i KrF, Olaug Bollestad, var også begeistra.

– Det ligg utruleg mykje i dette. Kanonstilig, sa ho

Til toppen