PÅ GOD VEG: Det nye skyte- og klubbhuset i Lærdal byrjar å ta form. Bygget til 12 millionar kroner er venta å stå klart i sommar, noko som vil bety mykje, fortel Jarle Offerdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PÅ GOD VEG: Det nye skyte- og klubbhuset i Lærdal byrjar å ta form. Bygget til 12 millionar kroner er venta å stå klart i sommar, noko som vil bety mykje, fortel Jarle Offerdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No byrjar skyte- og klubbhuset å ta form

På dagen to år etter at klubb- og skytehuset i Lærdal brann ned til grunnen byrjar ein å sjå tydelege konturar av korleis det nye huset vil sjå ut.

Lærdal: Måndag var det to år sidan storbrannen i Lærdal. Brannen gjorde noko med alle, men spesielt klubbhuset og skytehuset berørte svært mange aktive innan skøyte- og skyttarsporten.

No, på dagen to år etter, byrjar ein å sjå konturane av det nye bygget. Neste veka blir truleg det nye klubbhuset og skytehuset kledd att. Det er ingen tvil om at dette betyr mykje. Jarle Offerdal, som er leiar i sameiga, understrekar det.

– Me har merka det på aktiviteten, som har gått ned når dei ikkje har ein plass å trena. Det er ikkje like mange deltakarar på stevne samanlikna med før brannen, seier han om dei aktive som driv med skyting.

12 millionar kroner

For dei som går på skøyter, betyr dette at dei får seg ei skikkeleg varmestove att etter å ha hatt ei mellombels brakke i mellomtida. 

Artikkelen held fram under biletet.

NEDBRENT: Slik såg det ut etter at brannen hadde herja i Lærdal. Som ein ser av biletet, var skyte- og klubbhuset brent ned til grunnen.
NEDBRENT: Slik såg det ut etter at brannen hadde herja i Lærdal. Som ein ser av biletet, var skyte- og klubbhuset brent ned til grunnen.

Bygget vil sjå annleis ut enn det førre. Mellom anna blir det 150 kvadratmeter større, totalt 600 kvadratmeter, fortelt på to etasjar. Totalt kostar dette 12 millionar kroner, og det heile vert finansiert med oppgjersmidlar, forventa spelemidlar og eigenkapital.

– Me hadde ein runde med forsikringsselskapet fram til sist sommar, og då vart me samde om eit oppgjer som me var nøgde med. Me var ikkje uvener og det var ein grei tone heile vegen, men me var usamde, seier Offerdal og greier ut.

– Me var usamde om storleiken på oppgjeret. Når me såg prisane frå entreprenørane, var det eit veldig stort gap mellom dei og det forsikringsselskapet tilbydde, så me måtte ta nokre rundar på det, men det løyste seg, og me er nøgde.

Står klart til sommaren

Sidan spelemidlar ikkje er på plass enno, er det tatt opp eit lån med kommunal garanti på 1 million kroner. Spelemidlane er forventa og kan kome i sommar eller neste år. 

Artikkelen held fram under biletet.

ETTER: Slik ser det ut på skøytebana i dag. Bygget er om lag 150 kvadratmeter større enn det gamle, som var 450 kvadratmeter stort.
ETTER: Slik ser det ut på skøytebana i dag. Bygget er om lag 150 kvadratmeter større enn det gamle, som var 450 kvadratmeter stort.

Forutan skøyte- og skytesporten, vil også dette vere Lærdal idrettslag sin formelle samslingsplass. Det er venta at det heile vil stå klart i juli.

– Men når det gjeld sjølve skytehuset er den ein aktivitet som byrjar rundt 1. oktober, då er det skikkeleg start, og det skal me ha kontroll på. 

Brann ned til grunnen

Laurdagen for to år sidan då huset brann ned, var det skytestevne i huset. Seinast 16.00 den dagen skaut det siste laget. I 23.00-tida vart brannen melde inn.

– Då var me borte ein tur og sjekka om me var trua. Då me kom tilbake ved midnatt, såg me at det spreidde seg i graset. Det var starten, og då skjønte eg personleg alvoret, fortel Offerdal om det grufulle natta som har skrive seg inn i historia som ein av Noregs største brannar i moderne tid.

Då reiste han heim til seg sjølv for å pakke og sørge for at han var klar til evakuering. Ved 00.30-tida var dei tilbake att ved klubbhuset, og då hadde det så godt som brent ned til grunnen.

– Klokka 02.00 fekk med beskjed om å forlata området. Me reiste opp i bygda og budde der om natta. Då reiste heile området, så slik er det.

Til toppen