Kalvåg/Lærdal: No har dei kjøpt opp selskapet bak Gamleskulen i Kalvåg, som tilbyr husvære i flotte omgjevnader omtrent ti minutt gangavstand frå sentrum.
– Eg anser det som ei perle ved kysten. Det er eit gamalt skulehus som seinare har blitt ombygd til fire tomroms leiligheiter, men det er ein del uutnytta areal som me vil utvikla, seier Trond Øyen Einemo, varaordførar og ein av fem lærdøler som står bak eigedomsselskapet Høgeloft.Akkurat kva potensiale dei har sett og kva viljen til å utvikle plassen går ut på vil han ikkje utbrodere enno.
– Me har nokre tankar, men ikkje som er klare til bli sett på trykk, seier Einemo.

Han er derimot ikkje like løyndomsfull når det gjeld kva dei ikkje skal drive med. Eit asylmottak blir det ikkje.
– Ja, det er heilt utelukka, seier Einemo.
Det er eit stykke frå Lærdal inst i Sognefjorden til Kalvåg ute ved havgapet i Bremanger. Sjansen til å investere dukka opp gjennom ei deling på Facebook.
– Sånn er verda blitt. Du blir fora på alle kantar, seier Einemo.