UTE AV ROBEK: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, er naturlegvis glad for at Årdal no formelt kan vinke farvel til Robek-registeret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UTE AV ROBEK: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, er naturlegvis glad for at Årdal no formelt kan vinke farvel til Robek-registeret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No er Årdal formelt ute av Robek

Vik og Årdal kommune er no meldt ut av Robek-registeret.

Det har vore klart ei stund, men først torsdag blei Årdal kommune formelt teken ut av Robek-registeret. Også Vik kommune er meldt ut i dag.

Det er fylkesmannen i Sogn og Fjordane som melder dette. 

«Fylkesmannen har sendt melding til kommunal- og moderniseringsdepartementet om at Vik kommune og Årdal kommune skal meldast ut av Robek. Me syner til innsendt rekneskap for 2015 og kommunestyra sine vedtak og handsaming av årsrekneskapen for 2015», skriv fylkesmannen

«Vedtaka i begge kommunane syner at kommunestyret har dekt inn heile det akkumulerte underskotet.»

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, er naturlegvis glad for dette.

– Det er bra at me er ute. No får me litt meir fridom til å gjera ulike ting når me no jobbar med økonomi- og handlingsplanen for dei neste åra, men me må vera forsiktige og halde litt att, seier han til Porten.no. 

Etter tre år på lista kan årdølene dermed vinke farvel til Robek-spøkelset eit år før tida. Årdal kommune hadde eit mindreforbruk på 14,9 millionar kroner i 2015. Det er endringa på amortiseringa av premieavviket frå eitt til sju år som er hovudforklaringa på det positive resultatet.

– Korleis har det vore å vera ein Robek-kommune?

– Eg trur det har vore lærerikt, og det er noko me vil ha att for seinare. Det har vorte meir fokus på økonomi og det å sjå samanheng mellom inntekter og utgifter og å ta ned driftsnivå. Det har vore ein lærerik periode, seier ordføraren.

For tida jobba kommunepolitikarane med økonomi- og handlingsplan for dei fire neste åra. Tida som Robek-kommune har ført til eit voldsomt etterslep på fleire område i kommunen.

Til toppen