PÅSKEROCK: For 22. gong inviterer Terje Svori, Frank-Runar Øren og Hugin Musikkforum folk til å rocke påsken inn. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PÅSKEROCK: For 22. gong inviterer Terje Svori, Frank-Runar Øren og Hugin Musikkforum folk til å rocke påsken inn. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No er årets Påskerock-artistar klare

For 22. gong stiller musikkmiljøet i Årdal opp på dugnad for rocke påsken inn.

Årdal: Det er blitt ein tradisjon folk ikkje ser ut til å gå lei av. Påskerocken har halde stand i 21 år no, og 2017 er intet unntak. Med to veker att kan leiar og nestleiar i Hugin Musikkforum no stolt syne fram årets program.

– Me har prøvd å utfordra dei mest etablerte banda og musikarane til å lage prosjekt – noko dei kunne tenkja seg å spela for publikum som dei elles ikkje får sjansen til når dei spelar på julebord og liknande, seier leiar Terje Svori.

– Ja, så det blir litt annleis denne gongen, der desse har laga noko spesifikt til årets Påskerock, legg Frank-Runar Øren til.

Eit høgdepunkt for mange

Mellom anna vil du få høyre hyllingar av Thin Lizzy og Jimi Hendrix. På scena står både musikarar som har spelt eit heilt liv, men det er også debutantar. Med andre ord blir det garantert variert. 

– Ta til dømes Still Alive, som sist spelte på Påskerock for 15 år sidan. Dei spelar eit reint grunge-set og står for den musikkstilen. Ved å snakke saman på førehand unngår me då at band blir for like kvarandre, og då får me ein heilskap som skal passe dei fleste, seier Svori.

At Påskerocken er blitt ein tradisjon, kan ingen nekte for. I fjor var over 1000 personar innom dørene på Bakeriet. Også i år er det lagt ut 1000 billettar for dei to dagane onsdag og torsdag i påsken.

– Me merkar at det er blitt eit høgepunkt. Det er blitt ein møteplass for folk før dei går i gang med feiringa av påske. Alle må liksom innom anten onsdag eller torsdag.

Enormt med dugnad

Bak alt saman ligg eit imponerande dugnadsarbeid.

– Dette er ein kjempestor dugnad. Folk legg ned vanvittig mange timar for at me skal drive med dette. Artistane tek ikkje ut hyra, alle stiller på dugnad og gjer det gratis. Påskerock er også den viktigaste inntektskjelda me har i tillegg til sponsormidlar, fortel Øren.

Pengane går rett tilbake til medlemmane i form av nytt og oppgradert utstyr som treng utskifting i Huginhuset framme i Utladalen. Der kan ein også spele inn musikk – utstyr som også treng oppdatering i ny og ne. 

Det er ikkje berre eit samlingspunkt for publikum, men også musikarane. Nuisance er eit døme på det. Sidan ein av bandmedlemmane feirar påske i Årdal annankvart år, klarte dei å time det denne gongen. 

– Fleire av dei som er med bur ikkje i Årdal, men vel faktisk å bruka tida si på Hugin gratis i påsken. Det er kjempeflott, meiner Svori.

Funne sin heim på Bakeriet

Dei to meiner også at Hugin no har funne sin heim på Bakeriet. I år blir tredje gongen at Påskerock finn stad på den nye rockescena i Årdal. I 2015 hadde målinga såvidt rekt å turka før dei første rocketonane fylte rommet.

– Der har me funne ramma vår. Det er der me eigentleg høyrer heime, seier Øren.

– Ja, og det er utruleg bra at eigarane held fram med å utvikle konseptet og brukar pengar på alt frå lyd og akustikk til toalettfasilitetar, legg Svori til, som avsluttar med eit godt tips.

– Kjøper du billett på førehand, får du gratis buss frå Seimsdalen og stoppa etter til festen.

Til toppen