TIL FINALE: J16-laget til Kaupanger tok seg fredag til finale i Dana Cup. Den kampen vert spelt laurdag. Foto: privat.
TIL FINALE: J16-laget til Kaupanger tok seg fredag til finale i Dana Cup. Den kampen vert spelt laurdag. Foto: privat.

No er dei klare for finale

Jente 16-laget til Kaupanger IL skal spele finale i Dana Cup.

Kaupanger: 16-åringane frå Kaupanger vann både kvartfinalen og semifinalen fredag og er dermed klare for finale i Dana Cup.

I kvartfinalen møtte jentene Viking. Til full tid var det ikkje kome nokon scoringar i kampen som dermed måtte avgjerast på straffespark.

Her trakk sogningane de lengste strået og kunne juble for semifinale. I semifinalen var det Ullensaker/Kisa som venta. Her avgjorde derimot jentene før kampen var over. 2-0 var det som skulle til for ta seg vidare til finalen.

Til toppen