NM-KLARE: Hans Skogli, Anders Lereng, Ørjan Sunde Vik og resten av ShoeSaver-gjengen er klare for NM på Lillestrøm denne veka. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NM-KLARE: Hans Skogli, Anders Lereng, Ørjan Sunde Vik og resten av ShoeSaver-gjengen er klare for NM på Lillestrøm denne veka. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No er dei klare for NM for ungdomsbedrifter

ShoeSaver-gjengen skal gjere sitt beste for å bli Noregs beste ungdomsbedrift.

Årdal: ShoeSaver, ei ungdomsbedrift med utspring på Årdal vidaregåande skule, gjekk vidare til NM etter at dei vann fylkesmessa i mars. Torsdag og fredag skal dei konkurrere med andre ungdomsbedrifter i Noreg på Lillestrøm. 

ShoeSaver har utvikla eit skodekke som ein trekkjer utpå skoen når ein til dømes skal på festival, russetreff eller andre tilstelningar der det kan gå hardt utover skoa.

– Torsdag er det presentasjon av bedrifta, medan fredag står me på stand og syner fram produktet. Me kjem til å lage eit gjørmebad slik at dei som kjem forbi kan teste produktet vårt, fortel Anders Lereng og Hans Skogli, som er ein del av bedrifta.

Optimistar

No har dei brukt den siste tida på å førebu seg til konkurransen. 

– Me har bytta litt om på standen vår og gjort han betre. Me har også endra litt på framføringa vår for å få med litt meir om klima- og miljødelen. Me vann nettopp ein miljøpris for produktet vårt, seier Lereng.

Skogli seier dei er optimistiske på vegne av seg sjølv, men vil er fast bestemt på at dei ikkje skal gå for høgt ut.

– Me har ein god idé, og det er den me vil få fram, seier dei.

Avtale med Målrock

For ungdomsbedrifta har dei allereie sikra seg ein avtale med Målrock. Her kan dei redde mange festivalsko i sommar.

– Me jobbar også med andre og håpar å få på plass fleire i løpet av mai. Me håpar mange høyrer om oss no som me skal vera med på NM.

Til toppen