Sogndal: Det klarte Noreg sitt U17-lag greitt. Takka vere scoringar frå Jenny Olsen og Malin Sunde slo Noreg dei engelske jentene 2-0 og er klare for semifinale.
På midtbana spelte to lokale talent frå start. Ylinn Tennebø kjem frå Vågsøy, men spelar til vanleg i Kaupanger, medan Thea Bjelde kjem frå Sogndal og spelar for Arna-Bjørnar.
- Les også: Desse to jentene er klare for EM
– Gong på gong har me klart å gå heilt ned i kjellaren når det verkeleg gjeld. Det bur utruleg mykje i denne gjengen. Dette var ei bragd av jentene, seier Noreg-trenar Børje Sørensen til fotball.no.
No er dei to fotballtalenta frå Sogn og Fjordane klare for semifinale i EM, der Tyskland er motstandar komande torsdag.