NY ARTIST: Etter mange førespurnader frå publikum kan Torgeir Skjerdal og Jordeplerock fortelje at Gunslingers kjem til årets festival. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun.
NY ARTIST: Etter mange førespurnader frå publikum kan Torgeir Skjerdal og Jordeplerock fortelje at Gunslingers kjem til årets festival. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun.

No er dei klare med ny artist

Den tredje artisten til årets Jordeplerock er klar. Torgeir Skjerdal har også gode nyheiter til dei som kjem langvegsfrå. 

Lærdal: Jordeplerock ønskjer Gunslingers tilbake til Lærdal i sommar. Hardanger-bandet med rot i Norheimsund spelte på den aller første festivalen i 2013.

– Då lagde dei ekstremt bra med liv, og så har me fått mange førespurnader frå publikum som vil ha dei tilbake. Me har eigentleg hatt kontakt med dei kvart år, men fann ut at me ville spare dei litt. I år kjem dei, og det er me veldig nøgde med, seier Skjerdal til Porten.no.

Gunslingers skal spele fredag same kveld som DDE. Med andre blir dette ein kveld for country og rock. Frå før er også Sandra Lyng klar. Ho skal spele laurdag, ein dag der ein kanskje appellerer til eit litt yngre publikum.

Set opp buss

Skjerdal har også gode nyheiter til dei som besøker Jordeplerock frå nabokommunane. I år har dei nemleg fått i stand ein avtale med Nettbuss for å sikra at folk kjem seg lettare og tryggare heim når musikken er slutt.

– Dei to første åra hadde me festivalcamp, men dette har vore eit stressmoment, som me føler har trekt ned kvaliteten på det heile. Me avskaffa det i fjor og satsa på litt transport, og i år har me teke steget vidare med samarbeid med Nettbuss. Der køyrer me oppdalen i Lærdal, til Aurland, Sogndal og Årdal, fortel han.

Artikkelen held fram under biletet.

HARDANGER-BAND: Pop-country-bandet Gunslingers med rot i Norheimsund i Hardanger kjem til Jordeplerock i sommar.
HARDANGER-BAND: Pop-country-bandet Gunslingers med rot i Norheimsund i Hardanger kjem til Jordeplerock i sommar.

For å sikre at dei som treng tilbodet får det, legg ein opp til at ein kan førehandsbestille billettar. På denne måten kan arrangøren skaffe seg oversikt over kor det er behov.

Tidleg ute

Dette fell nok i god jord hjå mange som besøker Jordeplerock, og som ikkje kjem frå Lærdal, og det vil garantert gjere festivalen meir tilgjengeleg.

– Me har ikkje hatt ressursar til å gjennomføre dette før i år. Eg føler me har drive på med dette lenge, men det er berre det fjerde året, og det først no me ser at me kan gjennomføra eit såpass stor initiativ til dei bygdene, seier Skjerdal og ber folk om å melde sin interesse.

– Her må publikum vera snille slik at me veit kor mykje arbeid me skal leggje ned i transport, smiler han.

Skjerdal opplyser om at billettane vert slept onsdag kveld og oppmodar folk om å vere raskt ute. I år kjem dei nemleg til å setja eit tak på kor mange billettar dei vil selja og slik sett fokusere meir på ein heilskapleg kvalitet. 

Til toppen