DEN VANSKELEGE OPPFØLGJAREN: Her spelar Free Birds for første gong saman. Tre vekar seinare er Free Birds klare for sin andre konsert på Klingenberg Hotel. Foto: privat.
DEN VANSKELEGE OPPFØLGJAREN: Her spelar Free Birds for første gong saman. Tre vekar seinare er Free Birds klare for sin andre konsert på Klingenberg Hotel. Foto: privat.

No er dei klare til å følgje opp debutkonserten

Det nystarta årdalsbandet Free Birds spelar i kveld konsert nummer to.

Årdalstangen: Bandet består av Ørjan Loftheim på gitar og koring, Lasse Aannevik på trommer, Andreas Aannevik på gitar, Gunnstein Røneid på bass og koring og Steinar Fodnes på vokal.

Dei byrja å øve saman i haust og har berre ein konsert saman før i kveld.

– Me spelar rock og blues, mykje gamalt. Alt frå Black Sabbath til Bjørn Eidsvåg. Så me har mange ypparsteprestar, kan du seie, seier frontfigur Steinar Fodnes.

Han ser fram til å følgje opp debuten med ein ny konsert i same lokale.

– Viss det blir mykje folk, så trur eg det blir full trøkk og mykje moro. Det var utruleg kjekt sist me spelte på Klingen, seier han.

Til toppen