Lærdal: – Eg håpa jo at me skulle koma så langt, men hadde vel eigentleg ikkje trudd det. Så eg gler meg veldig, seier Synne Bentås (13).
Kjole av resirkulert plast
Synne og venninna Margit Brooks laga kunstverket «Kjole», og dei to har no gått heile vegen til UKM-festivalen, som går av stabelen i Trondheim denne helga. Først gjekk dei vidare frå den lokale kulturmønstringa i Lærdal i februar. Det førde jentene til UKM-festivalen i Sogn og Fjordan i april. Også der imponerte dei to juryen med kjolen sin.
Les også: Har sendt fem kunstverk til UKM-festivalen
– Me ville eigentleg laga kjolen på skulen som valfag, men så vart ikkje det noko av. Då var det læraren vår som føreslo at me kunne gjera det gjennom Kunstskulen saman med henne. Me ville laga kjolen litt spesielt, ikkje med stoff som ein vanleg kjole. Så me har nytta resirkulert plast, fortel Synne.
No står altså Trondheim for tur - som ikkje er ein konkurranse, men ein festival der alle vinnarane frå fylkesfinalane syner fram eller framfører verka sine, innanfor mellom anna musikk, kunst og film. I tillegg til å delta på sceneframsyningar og kunstutstilling får ungdommane prøve seg på workshops innan mellom anna jazzdans, konseptuell kunst og programleiing.
Lærdøl på piano også til Trondheim

21 ungdommar frå Sogn og Fjordane reiste til UKM-festivalen i dag. I tillegg til Synne og Margit er Lærdal representerte med Knut Isdal Lindstrøm på piano og Tarjei Hamre på vokal.
Les også: Lærdøl og årdøl nominert til draumestipendet
– Alle herifrå fylket reiser på same buss, så me møter mange me ikkje kjenner frå før, fortel Synne Bentås.
– Det er jo svære greier, dette. Tykkjer du det er litt skummelt også?
– Nei, eg berre gler meg.
– Er design noko du tenkjer på å utdanna deg innanfor også?
– Eg trur vel det først og fremst blir ein hobby.
Hovudarena for festivalen er Olavskvartalet der det skal vere sceneframsyningar og kunstutstilling. I tillegg blir det arrangement i Samfundet, NOVA kino og på Solsiden.
Å treffe og bli kjend med deltakarar frå dei andre fylka er ein viktig del av festivalen. Ein heil kveld er sett av til å boltre seg i Pirbadet, og det blir også deltakarfest i Deltakarlandsbyen på Charlottenlund der alle skal sove på flatseng, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.