SAMDE: Geir Kjetil Øvstetun, leiar i Årdal FK, Tor Erik Sveen, leiar i IL Jotun, og Johnny Svåi, leiar i ÅTIL, vart onsdag kveld samde om korleis årdalsfotballen skal organiserast i 2016. Etter sesongen skal avtalen evaluerast. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SAMDE: Geir Kjetil Øvstetun, leiar i Årdal FK, Tor Erik Sveen, leiar i IL Jotun, og Johnny Svåi, leiar i ÅTIL, vart onsdag kveld samde om korleis årdalsfotballen skal organiserast i 2016. Etter sesongen skal avtalen evaluerast. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No er dei samde om organiseringa av årdalsfotballen

Etter eit tre timar langt møte har Årdal Fotballklubb, IL Jotun og Årdalstangen IL blitt samde om korleis fotballen skal organiserast i bygda.

Årdal: Det som eigentleg skulle ha blitt klart før jul, er no omsider i boks. Onsdag kveld møttest fotballfolket i bygda for å bli einige om korleis den skal organiserast i 2016 og dermed åra som kjem.

– Me har alle saman gitt litt. Det var me nøydde til for å bli samde. Dessutan var det viktig for Jotun, ÅTIL og Årdal at ein fekk til dette, også overfor samarbeidspartnerane våre, som me har fått tydelege signal frå. Eg føler me no har fulgt opp dei signala, seier Geir Kjetil Øvstetun, leiar i Årdal Fotballklubb.

Då møtet var over, signerte leiarane i idrettslaga og fotballklubben, samt leiarane for fotballgruppene til Jotun og ÅTIL, høvesvis Henrik Rønningen og Kjell Kauppi, under på ein forpliktande avtale. 

All seniorfotball inn i Årdal FK

Der går det fram at:

  • All senior herrefotball skal inn i Årdal FK. Det betyr at førstelaget blir som før, og så blir det eit samarbeidslag i 5. divisjon med namnet til alle laga slik at gutespelarar frå idrettslaga kan hospitere opp. Forskjellen frå dagens Jotun/ÅTIL/ÅFK 2-utgåve er at det er Årdal som no administrerer laget, noko som sjølvsagt kan medføre ein annan profil på laget.
  • Jotun og ÅTIL skal halde fram med tilbod på aldersfastlagd, både gutar og jenter. Dersom det er for få spelarar i ein eller fleire årsklassar, blir det eit samarbeid. Dei to idrettslaga skal rekruttere til Årdal FK, og gutespelarar som er kvalifisert til ein god utviklings- og spelararena, melder seg inn Årdal.
  • Jotun og ÅTIL har ansvar for damelag. Dette skal vera eit samarbeidslag.

Det beste å gjere no

På seniornivå blir det altså ingen anna endring enn at Årdal no tek over administrasjonen etter Jotun. Ifølgje Øvstetun vil profilen på dette laget vere ein rekrutteringsarena inn mot førstelaget. 

I fjor vår blei det kjend at fotballgruppa i ÅTIL ønskte å flytte gutefotballen over i Årdal FK, men fekk ikkje lov til det av krinsen. Det førte til at enkelte melde overgang frå Jotun til ÅTIL. No held ein altså fram med at idrettslaga skal ha ansvar for aldersfastlagd.

– Det er dette som er det beste for oss no, og det blir samarbeid her også. Når det eine laget ikkje har nok spelarar, blir det samarbeid, og så er det ein del reglement som styrer dette. Me ser ikkje på dette som problematisk no. Det blir samarbeid, og når ein kjem opp på gutenivå, kan dei som er ivrige hospitere opp dersom Årdal FK ser etter dei, seier Johnny Svåi, leiar i ÅTIL. 

– Ein god avtale for alle

Tor Erik Sveen, avtroppande leiar i Jotun, seier dei er nøgde med avtalen.

– Det er me, og så er det klart at Jotun også har gitt litt og fått litt. Totalt sett er det ein god avtale for alle. Det var litt diskusjonar, men no er me einige, smiler han. 

Dei tre fortel at det var først og fremst organisering dei diskuterte på møtet. Spelarutvikling til dømes er eit så omfattande tema at dette var det ikkje tid til. Eit anna perspektiv er allidretten og økonomiske konsekvensar endringar i fotballen vil få for idrettslaga.

Les også: Fotballgruppa i ÅTIL vil samle all fotball i ÅFK

– Det er også ei side av det, men no har det vore ei løysing for fotballen og organisering, og det å laga ein start her, som har vore fokus. Så skal me lesa den avtalen høgt og tydeleg og gjera den kjend for alle. Fotball er ei stor gruppa, så korleis ein organiserer seg her spelar sjølvsagt inn på idrettslaget, kommenterer Sveen.

Damefotball

Til slutt kan ein leggje til at det er ønske om å starte damelag dersom det er grobotn for dette. I haust gjekk dåverande trenar for Jotun/ÅTIL, Morten Skarsbø, ut i media og bad fotballinteresserte kvinner om å melde sin interesse. Men det var ikkje nok folk, og laget måtte leggast ned.

– Me køyrer samarbeid på damefotballen mellom Jotun og ÅTIL dersom det blir aktuelt, seier Svåi.

Til toppen