EIN BLIR TIL TO: Per Steinar Melås er gründaren bak Melås Helse. No blir selskapet slått saman med konkurrenten Mestrings- og Læringssenteret frå Trøndelag. Foto: arkiv.
EIN BLIR TIL TO: Per Steinar Melås er gründaren bak Melås Helse. No blir selskapet slått saman med konkurrenten Mestrings- og Læringssenteret frå Trøndelag. Foto: arkiv.

No er dei største norske selskap på bu- og omsorgstenester​

Dei to konkurrentane Melås Helse frå Sogn og Mestrings- og læringssenteret frå Trøndelag slår seg saman til eitt selskap. 

Beggje tilbyr i dag bu- og omsorgstenester til menneske som treng særskild oppfølging. 

– Med rundt to hundre tilsette blir vi omlag dobbelt så store som det vi er i dag. Saman blir vi ein betydeleg aktør i Norge og vil dekke femten kommunar i seks ulike fylke, seier Cato Sundal, dagleg leiar i Mestrings- og læringssenteret.

Vil halde fram å vekse

Ambisjonane er at det nye selskapet skal greie å vekse seg enno større, både i innhald og omfang.

– Dei to selskapa har veldig mykje til felles, samstundes har vi ulikskapar som vi kan dra nytte av i felleskap. Det gir betre forutsetningar for å gå framtida i møte. Ambisjonen ligg der om å bli ein nasjonal aktør, med norsk eigarskap, seier Sundal.

Les også: Omorganisering i Melås Helse

Dei to vil inntil vidare halde fram som to juridisk sjølvstendige selskap. Men på sikt er det tanken at dei to går saman under felles namn. 

– Det er ein formalitet som vi ser for oss litt lenger fram i tid, seier Sundal.

Størst med norsk forankring 

At det nettopp er norsk eigarskap er ikkje sjølvsagt. Dei seinare åra har fleire selskap i bransjen slått seg saman, men då med utanlandske eigarar. Ikkje sjeldan er selskapa registrerte i skatteparadis.

Denne gongen er det norske Longship, eit investeringsselskap som satsar på mellomstore verksemder i vekst, som står bak samanslåinga. Melås Helse og Mestrings- og læringssenteret blir minoritetseigarar i det nye selskapet.

– Tidlegare har vi vore ein konkurrent til Melås, men no går vi i fellesskap. Saman vert vi vel størst av selskapa som har norsk eigarforankring, seier Sundal.

 

Til toppen