NO: Rektor Aksel Hugo ved Sogn jord- og hagebruksskule er svært nøgd med jobben som er gjort under renoveringa.
NO: Rektor Aksel Hugo ved Sogn jord- og hagebruksskule er svært nøgd med jobben som er gjort under renoveringa. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

No er den store ombygginga tilnærma ferdigstilt

Berre innreiing og siste finish står att før Sogn jord- og hagebruksskule står fram i heilt ferdig, oppgradert drakt.

 Aurland: - Entreprenør overleverte bygget veka før skulestart, på avtalt tidspunkt. Då er det vanleg prosedyre at ein går gjennom heile bygget og finn lause tråder. No er det dette me skal ha ein runde på med bygg- og eigedomsavdelinga, men det er snakk om ikkje mange detaljar, seier rektor Aksel Hugo.

Hovudmomenta i ombygginga er at det har vorte bygd eit mellombygg mellom internatet og undervisningsbygget - som også har vorte bygd på i andre enden, mot aust. Dette medfører større kapasitet på grupperomma, meir kontorareal og ei vesentleg oppgradering av garderobeanlegget. Under mellombygget blir det også passasje mellom internatet og undervisningsbygget.

Les også: Jari kan boltra seg på flunkande nytt kjøken

- Veldig nøgde

I tillegg er kjøkenet flytta og oppgradert, matsalen utvida og står fram i ny drakt

- Me er veldig nøgde; dei har stått på voldsamt for å halda skjema, seier Hugo.

Ombygginga hadde ein prislapp på 30 millionar kroner der fylkeskommunen har stått for 20 av dei, medan Aurland kommune og staten har gått inn med fem millionar kroner kvar.

Artikkelen held fram under biletet

FØR: Slik såg det ut på same stad då Porten.no var innom i januar; her står tidlegare rektor Bjørg Fritsvold, som har hatt ei koordinatprrolle i arbeidet, på same stad som Hugo gjer på biletet over.
FØR: Slik såg det ut på same stad då Porten.no var innom i januar; her står tidlegare rektor Bjørg Fritsvold, som har hatt ei koordinatprrolle i arbeidet, på same stad som Hugo gjer på biletet over.

Heilt ferdige til 100-årsjubileumet

Når Porten.no er innom har dei tilsette mellombelse kontor, men i løpet av få veker vil dei vera på sine premanente plassar.

- Innreiinga står att og det vil ta to-tre veker om lag. Alle tilsette har fått tildelt sine plassar, men me set ikkje den endelege plasseringa før innreiinga er klar. Også vil me gjerne ha litt innverknad frå lærarane og elevane på løysingane.

I slutten av september er det 100-årsmarkering for Sogn jord- og hagebruksskule med tre dagars markering. Då skal siste finish vera unnagjort.

Les også: Skal laga sin eigen festmiddag til 100-årsjubileumet

- Til skulestart var alt på plass som skulle vera på plass, så til jubileet er alt klart med inventar og det heile. Då er me klare til å ta i mot gjester

Til toppen