FOR SAL: Bustadblokka Storevegen 2 er lagt ut for sal av Årdal kommune.
FOR SAL: Bustadblokka Storevegen 2 er lagt ut for sal av Årdal kommune. (Foto: Sunniva Knutsen)

No er denne bygningen til sals

Taksten er på rett under 2,1 millionar.

Årdal: Tysdag la Årdal kommune bustadblokka Storevegen 2 i Øvre Årdal ut for sal. Bygget er for mange kjend som brannstasjonen, sjølv om den gamle brannstasjonen eigentleg berre utgjer ein del av bygget, og ikkje den som er for sal no.

– Det er eit bygg med potensiale, men som krev ein del investeringar for å realisera, seier Hans Jørgen Røneid, leiar for forvaltning, drift og vedlikehald i kommunen.

Treng ei oppgradering

Byggjet vart reist i 1962 og er på solide 1446 kvadratmeter fordelt på tre etasjar og ein kjellar. Det har i dag 14 bueiningar av ulik storleik, fem av dei er utleigde i dag.

– Det må gjerast ein del innvendig for å få det opp til dagens standard. Det er vel langt på veg eit renoveringsobjekt, seier Røneid.

Storevegen er eitt av fleire bygg kommunen over tid har slite med å få utnytta skikkeleg. Andre eksempel er rådhus 2 og industribygget i Utladalen, alle større bygg som har stått heilt eller delvis ubrukt i årevis.

Testar responsen

Det betyr ikkje at kommunen er villig til å selja for ein kvar pris.

– Det kjem an på interessentane og buda. Me legg det ut i marknaden for å sjå om det er nokon respons, seier Røneid.

Viss det ikkje kjem inn bud til verditakst, så har ikkje administrasjonen mynde til å selja. Då blir det opp til politikarane i formannskapet å avgjera om prisen er god nok.

– Me reknar med å få respons frå interessentar denne veka og neste. Viss interessa er der, så set me i gang ei bodrunde, seier Røneid.

Til toppen