SELD: Denne perla i Loftesnes vart seld for 8,1 millionar kroner. Foto: Espen Wilhelmsen/Privatmegleren.
SELD: Denne perla i Loftesnes vart seld for 8,1 millionar kroner. Foto: Espen Wilhelmsen/Privatmegleren.

No er denne perla seld

Eit par i 30-åra måtte ut med 8,1 millionar for sorenskrivargarden på Loftesnes i Sogndal.

Sogndal: Huset frå 1776 vert rekna som eit av dei vakrasta og mest velproposjonerte husa i Sogn og Fjordane – og no er det seld. 

Bergens Tidende skriv at villaen i Sogndal gjekk for 8,1 millionar kroner etter enorm interesse for huset. Prisantydinga var på 6,5 millionar kroner.

– Ti minutt etter at visninga starta hadde me 30-40 interessentar i huset, men det var god plass – ballsalen i andre etasje er så stor at ein sikkert kan ha 70-80 menneske til middag, seier eigedomsmeklar i Privatmegleren, Stian Grøtte til avisa.

– Gledeleg

Då bodrunden starta, kom det til og med bod frå utlandet, men til slutt var det eit par i 30-åra som sikra seg huset.

– Dei har tilhøyrigheit til området og ønskjer å bu i bustaden. Det er veldig gledeleg at ei slik kulturperle vert ivareteken. No kan kjøparane skrive eit nytt kapittel i soga om sorenskrivargarden.

Freda i 1923

Det var Britt Loftesnes som selde bustaden etter at han har vore i familien sidan 1869. Då vart bustaden trangsseld, og den nye eigaren var bondesonen Eirik Ofredal frå Årdal. Sidan då har bustaden tilhøyrt slekta.

Fram til 1816 blei huset brukt som bustad for sorenskrivaren i Indre Sogn. Det har også blitt brukt som skulebygg for Storms private jordbruksskule i Sogndal og Sogndal folkehøgskule. 

I nyare tid er det blitt brukt til mellom anna ungdomsherberg og pensjonat. Huset vart freda i 1923. 

Til toppen