BETRE HASTIGHEIT: NetCom melder i ei pressemelding at dei som første operatør kan tilby 3G og 4G i Lærdalstunnelen. Foto: NetCom.
BETRE HASTIGHEIT: NetCom melder i ei pressemelding at dei som første operatør kan tilby 3G og 4G i Lærdalstunnelen. Foto: NetCom.

No er det 4G-dekning i Lærdalstunnelen

NetCom har sørga for at det no er både 3G- og 4G-dekning i Lærdalstunnelen. 

Lærdal: Det betyr at verdas lengste tunnel har full mobildatadekning heile vegen gjennom i tillegg til GSM-dekning.

– Me ser det som viktig for både kvalitet og dekning av også vegar og tunnelar har same gode datadekninga som resten av landet, seier dekningssjef Tommy Skogheim Johansen i ei pressemelding.

– Dessutan er tryggleiken i Lærdalstunnelen no betra ved at me dekker med alle tre tilgjengelege teknologiar, GSM, 4G og 3G. 

Det berre NetCom som tilbyr 3G og 4G i tunnelen. Målingar viser høge hastigheiter på over 30 megabyte per sekund. 

– Det at me bygger 4G i tunnelar er framtidsretta mot nye komande teknologiar og løysingar, som tale over 4G-nettet. 

Til toppen