FORBODE: Det er forbode å vatne hagen, bruke vasspreiar og fylle badebasseng i Luster.
FORBODE: Det er forbode å vatne hagen, bruke vasspreiar og fylle badebasseng i Luster. (Foto: Linda Watten)

No er det atter ein gong vatningsforbod i Luster kommune

Luster: Det er innført forbod mot hagevatning med slange, bruk av vasspreiar og fylling av badebasseng i Luster, det skriv kommunen på sine heimesider.

Det varme vêret den siste tida har gjort til at forbodet som sist blei oppheva i midten av juni atter ein gong er innført. 

Har ikkje nok vatn

– Me har ikkje vatn og dette går på kapasiteten vår. Når folk set på vasspreiarar over alt så får me får lite vatn og greier ikkje laga nok, seier Terje Arild Kveane, leiar på teknisk drift i Luster kommune. 

Sist førte forbodet blant anna til at graset blei turt og ungar fekk ikkje fylle badebassenga sine. Mange tykte gjerne det var keisamt, men det var likevel få brot på forbodet.

– Folk respekterte forbodet og det meiner me er bra. Håpar folk gjer det denne gongen òg, seier Kveane. 

Gjeld til regnet kjem att

Forbodet gjeld til anna melding vert gjeve, men med manglande regn dei neste dagane kan det bli ei stund til. 

– Ja, no blir det ikkje oppheva før nedbøren kjem att. 

Til toppen