Årdal: - Det gjekk veldig fint; eg sa til dei då dei rygga ned ved Flaten at der hadde aldri i verda eg rygga ned, for det var trongt og smalt. Men dette er drevne bønder, seier skjøtselansvarleg Åsmund Nordgulen.
To kyr og ni kalvar av Vestlandsk fjordfe kom frå Lomen i Valdres til Utladalen denne veka. Her skal dei tolv vera på "sommarferie" til i september.
- Det er fint for turistane og gir stor opplevingsverdi å ha beitande kyr i dalen. Ein ser dei frå Vettisvegen og i neste veke får dei besøk av tre hestar som skal opp på Lauvhaugen.
Nysgjerrige kalvar
Kyrne vart slept på Flaten, og Nordgulen fortel dei såg ut til å trivast
- Dette er økologiske kyr som får økologisk kraftfôr, og det er litt kjekt, for då er dei i eit landskap dei høyrer heime i. Den eine var her i fjor også, så eg trur ho kjende seg att. Kalvane har aldri vore utomhus før; dei gjekk rett frå fjøsen og inn i hengaren. Dei verka nysgjerrige på planter og gras då dei kom ut, så det var fint å sjå.
Artikkelen held fram under biletet

Det er tredje året kyr frå bonden Kåre Skogstad i Valdres er på beiting i Utladalen, og sjølv om dei gjer ein god beitejobb, skulle det helst ha vore mykje meir beitedyr i området.
- Men det er vanskeleg å få tak i og ein del praktisk må på plass for å få det til, så det handlar om å finna ein balansegang. Me driv med anna skjøtselarbeid, tek slåtten til dei rette tidene, mellom anna. Det erstattar ikkje beiting fullt ut, men fungerer som ei grei erstatning, avsluttar Nordgulen