HISTORISK SKILLE: Prest Helene Langeland i Lærdal er svært glad for vedtaket kyrkjemøtet gjorde tidlegare denne veka, som stadfester at par av same kjønn kan gifte seg i kyrkja på lik linje med alle andre.
HISTORISK SKILLE: Prest Helene Langeland i Lærdal er svært glad for vedtaket kyrkjemøtet gjorde tidlegare denne veka, som stadfester at par av same kjønn kan gifte seg i kyrkja på lik linje med alle andre.

– No er det berre for para å koma

Prest Helene Langeland i Lærdal meiner kyrkja no kan leva opp til den store fana si: «Størst av alt er kjærleiken»

Indre Sogn/Sogndal: – Det som var spennande var om det vart ein liturgi for alle eller ein for likekjønna og ein for heterofile, seier Langeland.

Ho er til vanleg sokneprest i Lærdal, men jobbar no 20 prosent som prest medan ho driv på med andre prosjekt. Langeland har spent fulgt prosessen som denne veka sette punktum i form av vedtak i kyrkjemøtet som seier at også likekjønna kan bli vigsla i kyrkja.

Spesielt glad for at liturgien kan nyttast både på likekjønna og heterofile

Langt på veg vart dette spørsmålet avgjort under kyrkjemøtet i april i fjor, då 88 av 115 delegatar stemde for vigsel av likekjønna.

Les også: – Endeleg kan homofile gifta seg i kyrkja

Difor var det største spørsmålet no om det ville koma ein liturgi – instruksen for kva som skal bli sagt under vigselen og korleis det skal gå føre seg – for alle, eller ein for heterofile og ein for likekjønna. 

Det enda altså med det første.

– Eg tykkjer det er veldig viktig og bra at det vart ein for alle så det ikkje blir noko form for skilnadshandsaming – hadde det vore to liturgiar ville ein ikkje ha teke skrittet heilt ut, seier Langeland.

Vedtaket fekk 83 av 112 stemmer. Det ligg også inne at den gamle liturgien kan nyttast for vigsel av heterofile om ein ønskjer det.

I vedtaket ligg også at prestar kan reservera seg mot å vigsla likekjønna. Men likekjønna par skal få gifta seg i si lokale kyrkje sjølv om presten i soknet reserverer seg, forklarar sokneprest i Aurland, Jermod Hausberg:

– Ekteskapslova gjev denne fridomen til vigslaren/presten, men dette treng ikkje ektepar tenkja så mykje på. Med den nye liturgien er alle kyrkjene i prostiet opne for vigsel av likekjønna. Prosten organiserer som vanleg kven som har teneste, det same gjer kyrkjeverjene for andre kyrkjelege tilsette.

Positive prestar

Porten.no har sendt spørsmål til alle sokneprestane i Indre Sogn og Sogndal om korleis dei stiller seg til vedtaket og den nye liturgien.

I tillegg til Hausberg og Langeland, har sokneprest i i Leikanger og Norum, Vegard Bondevik Lie svara. Alle tre vil sjølve vigsla likekjønna par.

Sokneprest i Stedje og Kaupanger, Kjell Olav Høstaker Nordheim, har også svara. Inntil vidare vel han å ikkje via likekjønna par, men streka under:

– Eg ønskjer velkomen dei som ønskjer å verta vigde i kyrkjene der eg er prest, og eg gler meg oppriktig over at dei av mine av mine kolleger som vier likekjønna par no får høve til å gjere dette.

Alle dei fire sokneprestane Porten.no har vore i kontakt med tykkjer det spesielt er gledeleg med ei samlande løysing, og at det vart eit klart fleirtal. Bondevik Lie formulerer det slik:

– Det viktigaste for meg med det klare fleirtalet, er at det syner at mange, uavhengig av syn, har vore oppteken av å finne samlande løysingar.

Hausberg formulerer det slik:

– Eg er glad for at kyrkjemøtet her med klar margin, har makta å finne ei løysing der vi lever med to ulike syn, slik kyrkja har gjort i mange år med til dømes spørsmålet om attgifte og kvinneprestspørsmålet.

– Løftar fram kjærleiken som størst av alt

Høstaker Nordheim tykkjer både den nye liturgien har godt innhald, og han er glad for at det går an å nytta den «gamle», frå 2003:

– Eg tykkjer at liturgien slik den framstår har flott innhald og fokus. Eg tenkjer elles det er ein god ting at det einskilde par kan gjere eit val om kva for ein liturgi dei ynskjer nytta.

Også Hausberg tykkjer det er godt og rett fokus i liturgien: 

– Den løftar fram kjærleiken som størst av alt, og at  ekteskapet er ei god ramme rundt kjærleikens samliv mellom to personar. Og liturgien er innretta slik at den kan brukast av alle par.

Langeland i Lærdal er inne på det same – og tykkjer nettopp fokuset på kjærleik, som kyrkja alltid har hatt, gjer at kreftene som har jobba mot vigsling av likekjønna kjem til kort:

– Eg tykkjer det synet er vanskeleg å forstå. Og at det har stått i så lang tid før me har fått til dette. Den store tittelen til kyrkja er trass alt: «Størst av alt er kjærleiken».

– Vil dette kunne føra til større oppslutnad om kyrkja generelt?

– Det blir i alle fall tydeleggjort at alle er velkomne. Og ikkje minst får det oss til å jobba som at kyrkja er for alle, for det er den faktisk no.

Til toppen