EINIGE: Formannskapet skal i samarbeid med rådmannen avgjera arbeidsoppgåvene til dei tre utvala.
EINIGE: Formannskapet skal i samarbeid med rådmannen avgjera arbeidsoppgåvene til dei tre utvala. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

No er det bestemt: Årdal kommune opprettar tre nye politiske utval

Politikarane er samde om at økonomien er god nok til å gjenninnsetja hovudutvalsmodellen, etter fem år utan.

Årdal: Kommunen skal oppretta tre utval; eitt for barnehage, skule og kultur, eitt for helse og omsorg og eitt for samfunn- og nærsingutvikling. 

Marie-Helene Hollevik Brandsdal
TRE NYE UTVAL: Marie-Helene Hollevik Brandsdal, er seier at dei nye utvala vil vera viktige for demokratiet. Foto: Sunniva Knutsen

Ved førre formannskapsmøte vart det foreslått at kommunen skulle gjenninnføra hovudutvalsmodellen, som Årdal ikkje har brukt sidan 2013 grunna manglande økonomi. 

– I 2013 hadde me ein utstabil økonomisk situasjon. Fram til i dag har me fleire gonger blitt utfordra på politisk arbeid, seier Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap). 

– Det er mogleg for oss å setje i gong denne modellen igjen no takka ein stabil økonomi. 

Kommunestyret vedtok at råda skal gjelda frå 1.november 2019. Kven som vil sitja i dei tre utvala vil bli bestemt av det nye kommunestyret, etter kommunestyre- og fylkestingsvalet i september 2019. 

Mål å løfta demokratiet

Då Porten.no først omtalte saka, etter formannskapsmøtet 12.juni , vart det lagd vekt på at dei tre nye utvala skulle ha som mål å bringa meir demokrati.

– Eg er einig i at me må innføra politiske utval. Me politikarar opplever at me ikkje har nok innsyn i sakene, til å ta dei gode avgjerdene, sa varaordførar Sandra Opheim (uavhengig), den gongen. 

Sidan kommunen hamna på Robek-lista i 2013 har politikarane måtte gjordt fleire tiltak for å spara pengar. 

Rådmannen foreslo blant anna å flytte møtetidspunkta frå dagtid til kveldstid. Dette gjekk politikarane ikkje med på. 

– Å flytta tidspunkta til kvelden, gjer at det vil bli begrensa politisk deltaking, spesielt med tanke på kvinnenandelen. Det er politisk viktig at me opprettheld møtepunkta på dagtid, seier Hollevik Brandsdal. 

– Det skal vera mogleg å delta i politisk arbeid, noko som det er lagt godt opp til idag.

 
Til toppen