HISTORISK: Ordførarane i Sogn har tatt del i møtet i arbeidsgruppa som i dag har slått fast sentrale punkt som kommunenamn, kommunesenter og administrasjonssenter for den nye storkommunen. Foto: bildemontasje.
HISTORISK: Ordførarane i Sogn har tatt del i møtet i arbeidsgruppa som i dag har slått fast sentrale punkt som kommunenamn, kommunesenter og administrasjonssenter for den nye storkommunen. Foto: bildemontasje.

No er det bestemt. Den nye kommunen heiter Sogndal

Storkommunen i Sogn byrjar verkeleg å ta form.

Leikanger: Arbeidsgruppa som skal jobbe fram den nye storkommunen har i dag tatt ei rekkje historiske avgjerder.

– Vi har ein avtale på plass for ein ny kommune som skal heite Sogndal, kommunesenteret skal vere i Sogndal, mens administrasjonssenteret, med ordførar, rådmann og kommunalsjefar, skal vere på Leikanger, seier ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger kommune etter at dagens maratonmøte er avslutta.

Les også: Her startar den politiske drakampen
Les også: Han meiner kommunesenteret bør vere i Leikanger

– Me alle er toleleg nøgde

Der har arbeidsgruppa òg blitt einig om fordelinga på representantar i den komande fellesnemnda, den som skal meisle ut BLS-kommunen dei neste knappe tre åra. Der blir det fem representantar frå Leikanger, fem frå Balestrand og ni frå Sogndal. Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal vert leiar og ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger kommune vert nestleiar.

Det er òg bestemt at det blir 37 medlemmar i det nye kommunestyret som skal tre i kraft frå 2020.

– Eg er nøgd med at me alle er toleleg nøgde, for det er eit godt utgangspunkt. Det er ingen som tenkjer at dei har gitt så veldig mykje meir enn dei har fått, seier ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.

Han er glad for å få det han kallar formalitetane på plass, for det er no den verkelege jobben startar, meiner han.

– No skal me saman byggja noko nytt, ein betre kommune med sterkare og større lokalsamfunn, og det er dèt arbeidet som startar no, seier Aarvoll, men tek atterhald om at avtalen går gjennom i dei ulike kommunestyra.

Balestrand vert senter i vest

På overflata kan det sjå ut som Balestrand er taparen i forhandlinga. Det føler ikkje ordførar Harald Offerdal.

– Det er alltid slik når du forhandlar at du er nøgd med noko og misnøgd med noko anna. Men totaliteten for Balestrand må eg seia er ganske bra, seier han.

Eitt døme han trekkjer fram er samferdslekrava som har blitt ein del av avtalen. Eitt anna er punktet som peikar på at Balestrand skal vere eit senter vest i kommunen.

– Me er særleg opptekne av å oppretthalda kompetansearbeidsplassane på dagens nivå. I realiteten betyr det at me beheld rådhuset som det er i dag, sjølv om det etter kvart sjølvsagt vil bli fylt med nytt innhald, seier Offerdal.

Til toppen