EITT STEG NÆRARE: Draumen om ein fleirbrukshall i Sogndal er eitt steg nærare etter at politikarane vedtok å oppretta ei plan- og byggjenemnd som skal greie ut prosjektet.
EITT STEG NÆRARE: Draumen om ein fleirbrukshall i Sogndal er eitt steg nærare etter at politikarane vedtok å oppretta ei plan- og byggjenemnd som skal greie ut prosjektet. (Foto: Stiv Kuling)

No er det bestemt: ny nemnd skal følgja hallprosjektet i mål

Torsdag vedtok Sogndal kommune å setja ned ei plan- og byggjenemd. Nemnda skal greie ut mellom anna behov, område og innhald i fleirbruks- og basishallen.

Sogndal: Nemnda skal bestå av kommunestyrerepresentantar, to frå administrasjonen, ein frå Kvåle skule, ein frå Sogndal ungdomsråd, og skal ta ansvar for det vidare løpet for hallprosjektet.

NEMNDA: Nemnda består av blant andre politikarar Gunnhild Bøyum (H) og Magne Selseng (Sp). Foto:  Sunniva Knutsen

Rådmann inviterte òg to frå fylkeskommunen og ein frå idrettsrådet. 

Nemnda skal kartlegge behov, innstille på innhald og fremje grunnlag for ein arkitekt- og anbodsprosess. 

Politikarane innstilte Magne B. Selseng (Sp) og Gunnhild Bøyum (H) som representantar frå kommunestyret. Administrasjonen er sekretær for arbeidet.  

Glad for å bli høyrt

I ei sak på Porten.no nyleg ba idrettslaget om fortgang i prosessen med hallarbeidet.
 
Leiar i SIL, Cecilie Thaule Løvlid, sa at ho ønskja at politikarane oppretta ei prosjektgruppe eller byggenemnd som skulle ta saka vidare. 
 
Me tok ein prat med ho kvelden før møtet. 
 
– Kva betyr det at ei slik nemnd no er vedteke?
 
– Idrettslaget er veldig spente på vedtaket, og me meiner det er viktig at det blir politisk forankra. Det vil bli eit stort steg framover for realisering av hallen. Det er ein måte for politikarane å visa at dei meiner alvor. Det ser me positivt på, seier Løvlid.
 
Porten.no kjem tilbake med meir.  
Til toppen