OPNAR DØRENE: Det er knytt stor spenning til det nye tilskota Tya bryggeri og bakeri, som opnar dørene for ålmenna laurdag. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
OPNAR DØRENE: Det er knytt stor spenning til det nye tilskota Tya bryggeri og bakeri, som opnar dørene for ålmenna laurdag. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

No er det briste eller bere for Tya bryggeri og bakeri

Laurdag kan årdøler endeleg få smake på varene Tya bryggeri og bakeri har å tilby.

Fredag kveld var fleire gjestar samla til lukka fest i lokalet til Tya bryggeri og bakeri. Laurdag morgon opnar dørene for resten av befolkinga for første gong.

Porten.no traff Arnt Erik Henjum og Jan Rasmussen, som representerer kvar sin del, fredag kveld.

Klokka tre på dagen forsvann den siste entreprenøren ut dørane. Sidan har timane gått med til vasking og klargjering av lokale. Det nærmar seg opning på noko nytt og spennande i Årdal.

No det startar

– Det er no det startar. Det kjem til å bli eit køyr framover når folk no skal bruka dette og vil ha varer og ting skal leverast, seier Henjum. 

– Det er ikkje me som bestemmer korleis dette skal bli. Det er det marknaden som bestemmer. No er det opp til årdølene å finna ut om dette er noko dei vil bruka. Viss ikkje, må me prøva å tilpassa oss det marknaden vil, supplerer Rasmussen.

LES OGSÅ: Frå draum til mikrobryggeri

Opninga har vore litt på etterskot fortel dei, men no skal alt vera klart til at folk kan ta dette i bruk. Det vil seia, nesten alt er klart. Framleis gjenstår det litt på selskapslokale i 2. etasje.

– Det er eit selskapslokale på 120 kvadrat. Når det er ferdig, kan ein ta dette i bruk på store kveldar med mykje folk, og då kan ein ta i bruk takterrassen. Me er fullbooka her med konfirmasjonar fram til 2025, seier Rasmussen.

Levande lokale

Han fortel at dei var litt skeptiske då arkitektane viste fram teikningane før bygginga starta, men seier seg godt nøgd med prosjektet slik det har blitt.

LES OGSÅ: Smaken av ekte handverk

– Dette skal vera ein typisk plass der ein kan setja eg ned og eta og drikka litt, så går du igjen og det kjem nye inn. Det blir eit levande lokale, og me skal ha mest mogleg ope no i sommar, men til hausten kjem me iallfall i starten til å velja oss ut nokre dagar der me har lengre ope, seier Henjum.

Midt i intervjuet kjem ein av bakarane forbi. Han må takke for seg og komme seg heim for å få litt søvn før det brakar laust klokka 04.00 i morgon tidleg.

– Det er gleda med å vera bakar, smiler han.

Laurdag kjem dei til å halde ope om kvelden. I og med at selskapslokalet i 2. etasje ikkje er ferdig, set dei grensa på 50 personar, så det kan løne seg å vera tidleg ute, opplyser dei. 

Til toppen