RYDDA OPP: Etter tips om bosdumping langs rv 52, tok Lærdal kommune og Statens vegvesen grep og fekk rydda vekk.
RYDDA OPP: Etter tips om bosdumping langs rv 52, tok Lærdal kommune og Statens vegvesen grep og fekk rydda vekk. (Bilde: Lærdal kommune)

No er det dumpa boset vekke, kommunen og Vegvesenet rydda opp

Førre veke vart det oppdaga at bos i form av plastkanner, ein flatskjerm og eit bilsete var dumpa langs riksveg 52 i Lærdal.

Lærdal: Rådmann Arne Johansen sa til Porten.no då at det var uakseptabelt at folk dumpar bos i naturen, og at kommunen ville prøva å få rydda opp snarast. 

No er boset vekke. 

– Me sjekka opp i det med ein gong og tok kontakt med Statens vegvesen. Dei sendte ut entreprenørane sine og rydda opp. All honnør til dei for at dei rykka ut så fort og rydda opp, seier Johansen til Porten.no.

Han seier at kommunen har eit godt forhold til Statens vegvesen, og er glad for at dei har eit godt samarbeid. 

– Slaureskap

REINT OG FINT: For under ei veke sidan låg det bilsete, flatskjerm og plastkanner her. Takka vera tips frå innbyggjarar har Lærdal kommune og Statens vegvesen fått rydda opp. Foto: Johannes Halland

Hendinga langs riksveg 52 ved Borgund er ikkje det einaste tilfellet av bosdumping i Lærdal, seier Johansen. 

Han fortel at det ligg bos langs Refsnesvegen, ein gamal nedlagt veg som går ut til det gamle ferjeleiet, der ferga frå Lærdal til Kaupanger gjekk.

– Me har fått tips om at det ligg ein del bos langs vegen der inne. At folk kastar frå seg bos i naturen og tenkjer ut av syne, ut av sinn, er veldig dumt. Det er berre slaurefaktar.

I saka om boset langs riksveg 52, sa Johansen at kommunen vil politimelde slike saker. 

– Det er ikkje lett å finna kjelden i slike saker, men om me finn ut kven som gjer slike ting vert det politimeldt tvert, seier han og legg til:

– Me har alle felles interesse av at det skal sjå bra ut i Lærdal.

Glad det var rydda opp

Ragnhild Sundrol, som først kommenterte saka til Porten.no, er veldig nøgd med at boset no er vekke. 

– Eg synst det er flott at Lærdal kommune tok fatt i det. Det er kjempebra at dei var raske med å ta affære, seier ho og fortel at det blir ein tur til det nyrydda området i helga. 

Til toppen