LANG JAKT: Reinjegerane i Nordfjella sone 1 går ein lang jaktsesong i vente – i nesten tre månader kan bestanden på om lag 1800 individ vinterstid jaktast på. Arkivfoto
LANG JAKT: Reinjegerane i Nordfjella sone 1 går ein lang jaktsesong i vente – i nesten tre månader kan bestanden på om lag 1800 individ vinterstid jaktast på. Arkivfoto (Foto: Arkiv)

No er det endeleg: Utvida jakttid i Nordfjella

Miljødirektoratet har innvilga søknad frå villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen om å utvide jakttida på villrein.

Lengre jakttid skal bidra til større felling, og er eit ledd i å bli kvitt skrantesjuke i Noreg. Jakttid på villrein i Nordfjella sone 1 blir frå 10. august til 31. oktober 2017.

Mange løyver blir det også; villreinnemnda har sett ein kvote på 1 750 frie løyver der det følgjer eit kalvekort med kvart frie kort - totalt 3 500 løyver.

Les også: Går for reinsjakt i nesten tre månader

Til toppen