Lærdal: – Mange har gjort ein stor innsats for at me skulle få til dette, seier Arne Johansen, konstituert rådmann i Lærdal kommune.

Då selskapet som dreiv Norsk villakssenter og tilhøyrande restaurant gjekk konkurs i slutten av juni, måtte kommune og næringsselskap svinga seg rundt for å halda oppe drifta i sommar.
– No er det full drift så ein både kan oppleva villakssenteret og få servert lunsj eller middag i restauranten, seier Johansen.
Ny giv på kjøkenet
Først satsa dei på å halda ope senteret og ha eit enklare serveringstilbod. Etterspurnaden var derimot så stor, at no har dei utvida mattilbodet og serverer både forrettar, varme hovudrettar og dessert i restauranten.
Lokal ungdom betjener både restauranten, resepsjonen til Sogn kunstsenter og Norsk villakssenter, medan to kokkar opphaveleg frå tilhøvesvis Island og Polen lagar maten.
– Både ungdommane og kokkane har teke utfordringa på strak arm, så det er berre imponerande, seier
Framtida framleis uviss
Det er Norsk villakssenter reiseliv AS som no driftar det heile, eit selskap Lærdal kommune eig.
Villakssenteret og restauranten vil halda ope ut august, medan kunstsenteret stengjer 12. august. Når det gjeld framtida for villakssenteret og restauranten har Lærdal kommune og Flåm AS skrive ein intensjonsavtale om drifta.
– Sonderingar og vidare arbeid med dette vil starta over sommareferien, opplyser Johansen.