GODE MÅLINGAR: Etter dei gode målingane gjort av Firda, er det ikkje heilt utenkjeleg at Ingrid Heggø får med seg Hilmar Høl på Stortinget til hausten frå Arbeidarpartiet. Foto: Kaja Nygård.
GODE MÅLINGAR: Etter dei gode målingane gjort av Firda, er det ikkje heilt utenkjeleg at Ingrid Heggø får med seg Hilmar Høl på Stortinget til hausten frå Arbeidarpartiet. Foto: Kaja Nygård. (Foto: Kaja Nygård)

No er det ikkje heilt utenkjeleg at han hamnar på Stortinget

Arbeidarpartiet og Senterpartiet går kraftig fram i fylket. Ser det slik ut på valdagen, kan det bety at Hilmar Høl (Ap) frå Årdal får prøve seg på Stortinget til hausten.

Årdal: Det viser eit partibarometer InFact Norge AS har laga for Firda. For fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, var dette gledeleg lesnad, men han tek ikkje av.

– Det er veldig lenge til valet. Det må eg seie. Me har hatt målingar før som viste seg ikkje å vere like gode likevel, men utgangspunktet vårt er godt når me no går inn i viktige månader før valet, seier han.

På målinga går Ap fram 6,7 prosent samanlikna med valet i 2013. Det gir ein oppslutnad på 34,8 prosent. Også Senterpartiet går kraftig fram med 6,6 prosent til ein oppslutnad på 27,2 prosent.

– Torer ikkje jubla for mykje

Held det seg slik på valdagen, er sjansen god for at Høl vert stortingspolitikar til hausten. Han er saman med Ingrid Heggø toppkandidatane til Ap i Sogn og Fjordane.

– Eg torer ikkje å jubla for mykje, det er altfor masse arbeid som gjenstår. Det som er gledeleg, er at 85 prosent av dei som røysta på oss sist, framleis vil røyste på oss. Det betyr at «heimesitjarane» går for Ap, noko som er ein veldig viktig del av det totale biletet, legg han til.

– Korleis er ambisjonane dine?

– Eg er veldig klar for Stortinget, eg. Det er langt frå umogleg, viser målingane, men det gjenstår så mykje at det er farleg å seie noko sikkert no. Eg skal iallfall kjempa for kommunane i Sogn og Fjordane og fylket vårt, og ikkje minst industrien, legg han til.

– Meir handlingsretta politikk

Dei gode målingane forklarar han med ein meir handlingsretta politikk dei seinare åra og løftar fram Fjord1-saka som eit døme der Ap var klare på at dei ville behalde verdiane i Sogn og Fjordane. I tillegg har nok både Ap og Sp vunne mange hjarte i reformdebattar – om det så er på kvar si side.

– Ap og Sp er iallfall samde om at me skal kaste denne regjeringa ut av kontora fordi me ser dei går på kostnad av inntektene til kommunane og fylkeskommunen sine tenester – for ikkje å snakke om skeivheit i skattekutt som må dekkast inn med å ta frå tryggleiken til framtidas generasjonar, nemleg oljefondet. 

Til toppen