ISKLAR: Låge temperaturar den siste tida har gjort det mogleg å få is på skøytebana i Lærdal. No er bana klar, melder Lærdal IL. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
ISKLAR: Låge temperaturar den siste tida har gjort det mogleg å få is på skøytebana i Lærdal. No er bana klar, melder Lærdal IL. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

No er det is på skøytebana

Etter fleire dagar med kaldt vêr er no skøytebana i Lærdal klar til bruk.

Lærdal: Det melder Lærdal IL på sine heimesider. Den siste veka har det vore svært kaldt vêr i Indre Sogn, og det gjer sjølvsagt skøyteentusiastar glade.

Kulda har nemleg lagt til rette for sprøyting av skøytebana i Lærdal.

– Skøytebana er no klar til bruk, skriv gruppa på laget sine heimesider

Elles kan ÅTIL melde om flotte forhold på Seimsåsen. Her er det no køyrt opp 10 kilometer med løyper for dei som likar å gå langt.

Til toppen