GÅR AV: Jon Bolstad (biletet) går av som adm. direktør i Helse Førde - inntil vidare vil Børge Tvedt overta for Bolstad. Arkivfoto
GÅR AV: Jon Bolstad (biletet) går av som adm. direktør i Helse Førde - inntil vidare vil Børge Tvedt overta for Bolstad. Arkivfoto

No er det klart kven som erstattar han

Styret i Helse Førde har fredag konstituert erstattaren til Jon Bolstad. Børge Tvedt (45) skal fungere i stillinga fram til ein ny administrerande direktør er tilsett.

Eit samrøystes styre står bak konstitueringa av Tvedt, som kom til Helse Førde som direktør for psykisk helsevern i november i fjor, går det fram av ei pressemelding frå helseføretaket.

Konstitueringa skjer etter at Jon Bolstad tidlegare denne veka sa opp stillinga som administrerande direktør for å gå over i den tilsvarande stillinga i Sjukehusapoteka Vest.

Les også: Jon Bolstad går av som administrerande direktør i Helse Førde

Børge Tvedt er opphaveleg frå Bergen, men har budd og arbeidd i Sunnfjord sidan 1997. Han er gift, og har to barn.

- Helse Førde står framfor store utfordringar. Blant dei viktigaste oppgåvene mine blir no å sjå til at det utviklingsarbeidet som er starta opp i Helse Førde blir vidareført i samarbeid med dei tilsette, seier Tvedt.

Styret i føretaket har også oppnemd eit eige utval som skal arbeide med tilsetjing av administrerande ny direktør i Helse Førde. Dette utvalet på fem består av Helse Førde sin styreleiar Agnes Landstad, styrenestleiar Atle Hamar, Helge Bryne frå Helse Vest samt to av dei tilsettevalde styremedlemmene i Helse Førde, Hans Jacob Westbye og Wenche Kristin Røkenes.

Styret har også beslutta at Helse Førde skal leige inn ekstern hjelp i prosessen med å rekruttere ny administrerande direktør.

- Vi er opptekne av å komme i gang med rekrutteringsprosessen raskast råd, og har første møte i tilsetjingsutvalet allereie i dag, seier styreleiar Agnes Landstad.

Etter endt prosess skal tilsetjingsutvalet komme med si tilråding til styret som tilset ny administrerande direktør i Helse Førde.

Til toppen