Kaupanger: – I morgon skal me køyre renovasjonsruta som ikkje vart køyrd torsdag. Me skal også køyre renovasjonsruta fredag, seier direktør i Simas, Hallvard Thomassen i ei pressemelding.
Søppelhentinga i Sogn har vore i uvissa etter at RenoNorden gjekk konkurs måndag kveld. Alle kommunane i Sogn utanom Årdal vart råka av konkursen med sitt eigarskap i Simas.
Tidlegare torsdag var det framleis ikkje komen avklaring på kva som ville skje med dei tilsette og bilane, men like før 15.00 melder selskapet i ei pressemelding at dei har kome fram til ein avtale.
– Me er svært glad for at det vart ei løysing på ein rask og god måte slik at kundane ikkje vart råka av dette, seier Thomassen vidare.
– Dette betyr at dei som ikkje fekk tømt dunken i dag må lata den stå eller sette den ut att, er beskjeden frå direktøren.
Thomassen seier til Porten.no at dette ikkje vil få noko å seie for renovasjonsavgifta.
– Det hadde vore noko anna om me måtte ut på anbod. Her blir det same tal på folk og bilar, forklarar han.
Sogn interkommunale miljø- og avfallselskap (Simas) har hatt kontrakt med selskapet, noko som betyr at alle kommunar i Sogn med unntak av Årdal vart råka av at selskapet har slått seg sjølv konkurs.
RenoNorden har stått for inntransport av avfall frå hushaldningar og næringsaktørar i heile Simas-regionen.