BLIR DET SOL? Korleis vêret blir på 17. mai er noko alle snakkar om. Blir det sol? Regn? Snø!? Svaret får du i teksten under. Foto: 
BLIR DET SOL? Korleis vêret blir på 17. mai er noko alle snakkar om. Blir det sol? Regn? Snø!? Svaret får du i teksten under. Foto: 

No er det klart – slik blir 17. mai-vêret

Det ser ut til at du kan droppe paraplyen på dei viktigaste timane på 17. mai i år.

Indre Sogn: For sjølv om dagen startar litt grått med overskya vêr og kanskje litt regn, så vil du mest truleg kunne gå i tog utan at du treng å ha paraplyen parat.

– Dagen startar med overskya vêr og lokal tåke, og det vil kome litt regn natt til 17. mai som kanskje kan henga igjen med, men på føremiddagen vil skyene lette, seier Halldis Berge hjå Meteorologisk institutt. 

Eksakt når skyene lettar er vanskeleg å seie sikkert, fortel ho, men mellom 09.00 og 11.00 onsdag føremiddag vil sola etter kvart titte fram og melde sin ankomst akkurat i tide til toga går.

– På ettermiddagen vil det bli periodar med sol før det skyar til om kvelden igjen. Det betyr at ein slepp paraply desse timane, seier ho. 

Ustabilt på denne tida av året

Fint vêr på nasjonaldagen er vel noko alle ønskjer seg, og utruleg nok er det meldt nedbør både tysdag og torsdag. Men kor vanleg er det med bra vêr på denne dagen?

Ifølgje Lilliam Kalve hjå Vêrvarslinga må ein rekne med eit veldig skiftande vêr på denne tida av året. 

– April og mai er eit overgangsvindauge frå vinter til vår og sommar. Det er veldig skiftande fram til sommaren verkeleg har bestemt seg for å koma. Det er først 14 dagar fram i tid at ein får den beste tida på Vestlandet. Då har det stabilisert seg meir, forklarar ho. 

Til toppen