No er det nye helsehuset tatt i bruk

Men det vil vere ein byggjeplass enno halvanna år.

Sogndal: Det nye helse og omsorgssenteret i Sogndal er berre halvferdig, men vart tatt i bruk allereie 15. juni.

Sjukeheimen og heimesjukepleien har flytta inn. Her er nytt dagsenter, nye lokale for frisør og fotpleie, nytt kjøkken, vaskeri og kantine. I tillegg har fysio- og ergoterapeutane fått mellombels arbeidsstad her.

Når heile bygget står klar i desember 2018 får dei besøk av legesenteret, fysio- og ergaterapitenesta, frisklivssentralen og helsestasjonen. Uteområdet skal òg få eit løft og vil stå klar 1. mai 2019. 

Torsdag var politikarane i kommunestyret på besøk for å få ei oppdatering på kor prosjektet ligg i løypa.

Les også: Politikarane har døypt nybygget til 300 millionar
Les også: Det nye helse- og omsorgssenteret byrjar å ta form

Dei fekk sjå at bygget er flott og moderne utstyrt, tilrettelagt for det siste innan velferdsteknologi, som vandrealarm, kamera og sensorar.

Budsjettet er på 295 millionar, noko som ser ut til å halde.

– Det blir ei utfordring, men eg har god tru på at vi skal kome i hamn på prosjektet, seier prosjektleiar Fredleiv Fosse.

Til toppen