Lærdal: Johansen har vore konstituert rådmann sidan i sommar.
Det var med eit smil han tok til talarstolen. Han sa at han ikkje hadde trening i å ta imot skryt.
– Tusen hjarteleg takk for den enorme tilliten de gir meg. Læringskurva har vore bratt, men det har vore utruleg spanande. Me har lagt eit godt grunnlag for å ta i mot nokre smellar, og det treng me. Det er trass alt Lærdal dette her, seier ein smilande Arne Johansen frå talarstolen.
Hagla med gratulasjonar
Då det vart offisielt hagla det med gratulasjonar og lukkeønskjer frå politikarane.
– Det har vore interessant å bli kjent med deg. I denne prosessen med intervju og det halvåret du har vore rådmann, opplever eg at me kjenner deg att i dei svara du gir. Du er flink å oppmuntra, og løfta fram det som er bra med folk. Det vil hjelpa deg veldig i din jobb som rådmann. Lukke til, med er glade for å ha deg på laget, seier Annike Vanberg (SV).
Gro Starheimsæter (Sp) skrytte over rådmannen.
– Du har ei veldig fin tilnærming til kompliserte arbeidsoppgåver. Eg opplever at me får ein økonom med emne til å sjå folk, seier ho.
Trond Øyen Einemo (H) seier han ser fram til å jobba med Johansen.
– Eg vil seie til rådmann. Det var ein gleda å sjå at du søkte på stillinga som rådmann. Det er ei like stor glede å høyra at du vert tilsett.