SISTE GUFS: Vinteren vil ikkje heilt sleppe taket enno, noko alle som er ute på vegane må vere merksam på. Her frå Filefjell tidlegare på dagen. Foto: Jan Christian Jerving.
SISTE GUFS: Vinteren vil ikkje heilt sleppe taket enno, noko alle som er ute på vegane må vere merksam på. Her frå Filefjell tidlegare på dagen. Foto: Jan Christian Jerving.

– No er det vinterføre på fjellovergangane

Slapseføre gjer at Vegtrafikksentralen rår bilistar med sommardekk frå å prøve å ta seg over fjellet.

For alle dei som har bytt til sommardekk kom dagens vêrskifte kanskje som ei lite hyggjeleg overrasking. Fleire plassar har nedbøren kome i form av snø, noko som spesielt gir utslag på fjellovergangane.

– Det har byrja å kome litt slaps i vegbana. Nokon plassar er det snødekke òg. No er det vinterføre på fjellovergangane, seier Roger Nedberge Hille i Vegtrafikksentralen.

Les også: Webkamera sikrar ferske trafikkmeldingar i påsken

Han seier dei enno ikkje har fått melding frå folk som har fått problem etter vêrskiftet.

– Nei, men vi har fått mykje spørsmål frå folk som har bytt til sommardekk. Det er ikkje anbefalt no når det er snødekke, seier Nedberge Hille.

Til toppen