Årdal: Den 24. juni var det den offisielle opninga av fjellet for DNT og dei aller fleste av dei bemanna DNT-hyttene har opna for sesongen.
– Me har hatt ein knakande god start, det var tre gongar så mange gjester i år som i fjor på opningsdagen. Det verkar som folk er klare for å gå i fjellet, seier Trine Marie Johansen som driv DNT-hytta saman med Ole Martin Moen.
Les også: Fekk tilslag på søknaden – skal drive DNT-hytte i åra som kjem
Ho seier bestillingane tyder på at trykket kjem til å halde seg oppe ei god stund framover.
– På ein dag som i dag er det enkelt å vere optimist. Det er blå himmel, strålande sol og fantastisk å vere her oppe, seier Johansen.
I utgangspunktet skulle ein tru dei har vore heldige med timinga, for dei fleste plassar har det vore ein heller grå start på sommaren.
– Det er rart med det, men me har hatt det fint. Det er likevel flott at sesongen startar no, for no byrjar det meste av snøen å smelte, seier Johansen.
For det unge paret er det sjette sesongen dei jobbar på Skogadalsbøen, den andre som vertar. Nokon typisk gjest greier ho ikkje å definere, hit kjem alt frå småbarnsforeldre, til ungdomar og pensjonistar.
– Eg trur ikkje det er nokon majoritet i nokon av gruppene, vi er temme jamt fordelt på alle gruppene. Felles for alle er at dei er interesserte i å kome til oss, seier Johansen.