No er dørene til Bunnpris opne

No er dørene til Bunnpris opne

Tysdag opna Anders Grøndal dørene til det som før var Rimi, men som no heiter Bunnpris.

Endringa av butikknamnet kom som ein konsekvens av at Coop kjøpte opp ICA Norge, som blant anna eigde ICA-kjeda.

Etter behandling i Konkurransetilsynet, blei det klart at Coop ville få for stor marknadsdel i Øvre Årdal etter som dei allereie har ein Coop Extra-butikk her. Då ville einaste konkurrenten våre Kiwi, som er eigd av Norgesgruppen.

LES OGSÅ: Coop får kjøpa ICA Norge

Difor tilbydde Coop seg å selja nokre av butikkane sine til blant anna Bunnpris-kjeda. Difor er dei raude Rimi-fargane no bytta ut med dei svarte, kvite og gule fargane til Bunnpris.

Små ulikskapar

Butikksjef Anders Grøndal har fått på seg Bunnpris-uniformen, men framleis er det litt arbeid som gjenstår med butikken. 

– Det er litt andre plakatar, og me har bytta prisetikettar og nytt IT-system, men det vil komma meir profilering seinare, seier han til Porten.no.

LES OGSÅ: Målungdommen vil ha meir nynorsk i butikkane

Han seier kundane vil merka små ulikskapar mellom Rimi og Bunnpris anna enn såkalla EMV-varer som vil vera forskjellig.

– Dei aller fleste varene får du tak i her, og me har kjende merkevarer som vanleg.

Betre tilbod

– Kva med prisforskjellar?

– Kundane vil nok sikkert merke litt forskjell. Det kan godt henda at fastprisane er litt ulike, men me har mange gode tilbod som me ikkje hadde på Rimi, skikkeleg knalltilbod. Totalt sett trur eg ikkje det vil vera noko problem å handla her, avsluttar han.

I avtalen med låg det klart at alle dei tilsette skulle bli med over i den nye kjeda. 

Til toppen