FILMA I SOGN: Nundalsdrapet er filma både i Utladalen og på Kaupanger og handlar om ei krimgåte frå 1814 i Årdal.

No er filmen klar for kinolerretet

Etter traileren å dømme er resultatet blitt ein visuell godbit av dei sjeldne. Sjå den her!

Årdal: Søndag 13. august får årdølen Ola Moen verkeleg testa nervane. Då skal nemleg filmstudenten for første gong vise fram kortfilmen Nundalsdrapet for eit heimleg publikum.

– Me har allereie vist han i Oslo og fått god respons, men eg er mest spent på reaksjonen frå folk i Årdal og korleis dei tek imot filmen. Veldig spent er eg, seier Moen.

HISTORISK SUS: Når kortfilmen blir vist på Årdal kino 13. august er det for andre gong framfor eit publikum.
HISTORISK SUS: Når kortfilmen blir vist på Årdal kino 13. august er det for andre gong framfor eit publikum.

Liten film med store ambisjonar

Nundalsdrapet tek for seg ei historisk mordgåte frå Årdal på 1800-talet. Handlinga startar når drapet allereie har skjedd og publikum får følgje etterforskaren si reise for å finne mordaren. Manuset vart skrive i fjor sommar, medan filminga gjekk føre seg fleire stader i Sogn i februar.

Til å vere ei bacheloroppgåve er det eit mildt sagt ambisiøst prosjekt: på det meste var tretti personar i sving bak og foran kamera, alt frå sminke til scenografi, regissør, fotograf, produsent, klippar og skodespelarar. Då er det bra når alt klaffar.

– Me måtte ha veldig mykje flaks for at det i det heile skulle gå. Det fekk vi, seier Moen og nemner vêret som det viktigaste eksempelet:

Fekk uvêr på bestilling

– Der hadde me rein flaks alle dagane. I sluttscena, for eksempel, er det snøstorm, så det måtte me ha. Og det fekk me. Det er eigentleg heilt utruleg, seier regissøren.

Sjølv tykkjer han resultatet har vorte betre enn forventa. Det einaste innvendinga er at filmen gjerne skulle vore lenger.

– Historia er korta ned til 25 minutt, men skulle gjerne hatt litt meir pusterom. Då kunne me ha gått litt djupare inn i karakterane. Men det var kravet og då måtte eg berre køyra på med det, seier Moen.

No er han ferdig med å vere student og er klar til å søke jobb i TV-bransjen. Det kan difor gå ei god stund før han får sjansen til å prøve seg som filmregissør igjen, men årdølen håpar sjansen vil dukke opp att ein dag.

– Den siste filmen du lagar er alltid den beste og gir alltid meirsmak, seier han.

Til toppen