SIGNERING: Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag ført over dei avtalte 26 prosentane av aksjane i Fjord1 til Per Sævik-familien sitt Havila-konsern. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. 
SIGNERING: Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag ført over dei avtalte 26 prosentane av aksjane i Fjord1 til Per Sævik-familien sitt Havila-konsern. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

No er Fjord1-salet i boks

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag ført over dei avtalte 26 prosentane av aksjane i Fjord1 til Per Sævik-familien sitt Havila-konsern. Dei eig no 67 prosent av Noregs største ferjerederi.

Sogn og Fjordane: Havila-eigarskapen skjer gjennom selskapet Havilafjord AS, som er 100 prosent eigd av Havila.

Etter ein lang og krevjande prosess er Havila-grunder Per Sævik og Sogn og Fjordane fylkeskommune nøgde med at handelen no er formalisert:

– Fjord1 er eit veldrive selskap der Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore majoritetseigar heilt fram til no. Havila kjenner selskapet veldig godt etter å ha eigd 41 prosent sidan 2011. Leiinga og dei tilsette har dei siste åra gjort ein flott jobb med å snu ei negativ utvikling. Eg ser ingen grunn til at me skal gjere store endringar i eit selskap som er så veldrive, understrekar Per Sævik.

Sjølv om Havila-konsernet no har kontroll med det tradisjonsrike ferjerederiet, har dei valt å ikkje gjere store endringar  i selskapet med det første. Høgsterettsadvokat Pål W. Lorentzen held fram som styreleiar. Som ny nestleiar i styret har fylkeskommunen peika ut Vidar Grønnevik, og nytt styremedlem frå Havila blir  Janicke Driveklepp. Bente Nesse frå fylkeskommunen held fram som styremedlem.

 – Eg er glad denne saka no er løyst. Me skal vere med som medeigar i selskapet framover i nokre år, og ser fram til eit godt samarbeid med Per Sævik og Havila-konsernet, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Til toppen