FOTBALLMORO: Utesesongen er over, men då går det ikkje lang tid før innefotballen vert sparka i gang. Laurdag var vinterens første futsallturnering i Lærdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FOTBALLMORO: Utesesongen er over, men då går det ikkje lang tid før innefotballen vert sparka i gang. Laurdag var vinterens første futsallturnering i Lærdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No er futsal-sesongen i gong for dei unge

Frosten gjer speleforholda for fotball ute vanskeleg. Då er godt med ein god og heit hall og fotball som varmar.

Lærdal: Laurdag var det sesongstart for futsal-turneringar rundt om i Sogn. I Lærdal hadde dei 26 lag i aldersgruppene 10 til 12 år på besøk.

– Det er utruleg moro med futsal. Det er mykje god fotball å sjå. Futsal er jo ein litt spesiell type fotball, men ein ser på spelarane at dette er noko som fengar, seier leiar for fotballgruppa i Lærdal IL, Jan Tore Stølen.

Frå 09.00 om morgonen til 18.30 om ettermiddagen er idrettshallen i Lærdal fylt opp med fotballglade born frå Sogn, samt to lag frå Kjøkkelvik med namna Lyn og Torden.

Artikkelen held fram under biletet.

MORO: Det er tydeleg at dette er noko dei unge fotballspelarane likar.
MORO: Det er tydeleg at dette er noko dei unge fotballspelarane likar.

– Så det er både kjekt og spesielt med langvegsfarande, seier Stølen.

Dette er det andre året at det vert arrangert futsal-turnering i Sogn og Fjordane i staden for den tradisjonell innandørsfotballen.

– Futsal er komen for å bli. Eg vil seia at det er veldig utviklande. Her er det ikkje hjelp i å stå med lua i handa. Her må ein følgje med og vere på. Får ein til skikkeleg klikk-klakk-fotball, er det skikkeleg gøy å sjå på. 

Artikkelen held fram under biletet.

KREVJANDE: Det krevst litt meir av ein spelar i futsal. Ein må følgje nøye med og alltid vere i bevegelse.
KREVJANDE: Det krevst litt meir av ein spelar i futsal. Ein må følgje nøye med og alltid vere i bevegelse.

Totalt er det tre turneringar i vinter, to før jul og ein etter jul.

– Det blir ikkje mykje pause frå fotballen?

– Nei, men treng ein det då? Det er berre å rulle på. Eg tykkjer det er moro, smiler Stølen. 

For dei yngste vert det ikkje kåra nokon vinnar, og det er mest for moro skuld, og sjølvsagt for utviklinga av spelarane. 

Til toppen