Årdal: – No fjernar og køyrer me vekk jorda, så blir det å byrja med vass- og avlaupsgrøfter. Då legg me avstikk til brakkeriggen bort der den skal stå, seier anleggsleiar Fred Yttri i Kleiven Sogn.
Les også: Her seier dei ja til næring i Hydroparken
Les også: Opheim: – Eit rote politisk spel
Les også: Rørt over stille protest
Arbeidet starta tysdag morgon, og då Porten.no var på plass rundt lunsjtider hadde gravemaskina kome godt i gang.
Ambisjonen er at det om lag 1300 kvadratmeter store bygget som skal husa Europris står klart til julehandelen seinhaustes, noko Yttri trur skal gå greitt.

Les også: Håpar trafikken til Europris vil gjera Hydroparken interessant for fleire
Les også: Hydroparken nok en gang
– Me støyper ringmuren no, så blir det støypt plata inni og så er det stålkonstruksjonar og platekledning. Det er relativt kjappe byggetrinn å få på plass, så det er ikkje noko hokus pokus slik sett. Men god tid har me ikkje.
– Men de trur de skal klara det?
– Ja, det skal me.
Klargjer for eit eventuelt byggjetrinn 2
Parkeringsplassen vil koma i området som ligg mot vegen og parkeringsplassen som eksisterer i dag.
Artikkelen held fram under biletet

– Den tomta som blir att mot vegen blir klargjort for eit eventuelt byggjetrinn to. Me skal fylla opp så me kjem om lag opp på den høgda som brakkeriggen vil stå. Det blir bygt gangveg frå eksisterande parkering og rundt langs heile tomta, forklarar Yttri.
Les også: – Har signert avtale med Europris
Les også: Skal sjølvsagt kompensere med akebakke
I første omgang blir eit par arbeidarar jobbande med det innleiande grunnarbeidet, så går anleggsleiaren ut frå at rundt fire vil jobba med betongarbeidet når dette kjem i gang om ein månads tid.
– Det kan bli oppi ti mann som vil jobba her på det meste, men då innanfor ulike fagfelt, forklarar han.