OPNA: Gudvangatunnelen er opna for fri ferdsel frå måndag morgon, melder Statens vegvesen i ei pressemelding. Foto: Statens vegvesen/webkamera.
OPNA: Gudvangatunnelen er opna for fri ferdsel frå måndag morgon, melder Statens vegvesen i ei pressemelding. Foto: Statens vegvesen/webkamera.

No er Gudvangatunnelen opna for fri ferdsel

Frå måndag kan trafikken fritt passere gjennom Gudvangatunnelen.

Gudvangen: Reperasjonsarbeidet etter bussbrannen 11. august vart avslutta i morgontimane måndag, og no kan trafikantar fritt køyre gjennom tunnelen, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

Det betyr at tunnelen er opna for trafikk att ein del tidlegare enn dei seks vekene han først var tenkt stengt. 

– Reperasjonsarbeidet etter tunnelbrannen har gått bra og raskare enn venta, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i pressemeldinga.

Han er glad for at veker med kolonnekøyring for tunge køyretøy og omkøyring for anna trafikk er omme.

– Det vil likevel ta noko tid ut på måndag før me har fått fjerna alle skilta for omkøyring, seier han.

Det var mykje som skulle gjerast i tunnelen etter brannen. Opprydding, fjellreinsk, sikring av det elektriske anlegget, vass- og frostsikring, vask og måling av heile tunnelen, asfaltering, vegmerking og gjenoppbygging elektro, lus og installasjonar har blitt gjort på desse få vekene.

Til toppen