NY SINGEL: Håvard Øyrehagen, kjend frå gruppa Tyyl!, er aktuell med ny singel. Foto: Pressefoto.
NY SINGEL: Håvard Øyrehagen, kjend frå gruppa Tyyl!, er aktuell med ny singel. Foto: Pressefoto.

No er han aktuell med ny singel

Håvard Øyrehagen, kjend frå bandet Tyyl!, er i desse dagar aktuell med ny singel. 

Leikanger: Låten har fått namnet «Alle ting vil jo ordna seg» og er den andre singelen i soloprosjektet til Øyrehagen.

– Låten er faktisk ganske gamal og har modna i nokre år, seier han. 

– Teksten er ganske personleg, og eg har ikkje skrive så mange slike type tekstar tidlegare. Teksten i denne låten skildrar ein slags tilstand, seier han.

Djupare tekstar

Øyrehagen er kjend som vokalist og gitarist i bandet Tyyl!, som mellom anna stod på scena på Målrock i 2009. Her var det meir «rock & roll og enklare ting», som han sjølv seier.

– No prøver eg å gå meir inn i meg sjølv og skilja meg frå Tyyl! både musikalst og i form av djupare tekstar, fortel han.

Singelen er den andre i rekka i soloprosjektet etter at den første kom i fjor haust. Fleire låtar er allereie på lager, og målet er at dei skal bli til ei plate i løpet av året.

– Uttrykker meg best på sogning

Soloprosjektet Øyrehagen består av Håvard Øyrehagen, Jan-Tore Brunstad, Per Christian Grov, Andreas Høifødt og Håkon Sverdvik. 

– Grunnen til at eg starta på prosjektet er at eg gjennom fleire år har opparbeida meg ein katalog med songar som ikkje passa inn i Tyyl!. Og så byrja bandmedlemmane her å få familie og ungar og fekk naturleg nok mindre tid, så no når dei har ein pause, kan eg driva med andre ting, seier Øyrehagen, som syng på sognemål.

– Det tykkjer eg er viktig. Det er heilt unaturleg for meg å syngja på engelsk. Identiteten min ligg i at eg er sogning, og det er slik eg uttrykker meg best, legg han til.

Allereie laurdag står han på scena i Oslo, men lovar at det blir sjanse til å få med seg prosjektet her i Sogn også, men førebels er han løyndomsfull om kor og når.

Til toppen